Bakkegjerdet frå Eidsdal skule

Norddal
254
Besøk
3,58
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Turen fram til Bakkegjerdet er ein del av Folkestien i nedre del av Eidsdal. Vi tilrår absolutt at ein tar dette som ein rundtur og held fram vidare til Veiberg frå Bakkegjerdet, og går nedatt til Eidsdal skule via Hjellane og Rongane. Sjå gjerne eiga turskildring for Folkestien i nedre Eidsdal. Idyllisk skogsvandring i kulturlandskap. Kulturminne.


 

Turbeskrivelse

Turen startar frå parkeringsplassen like nedanfor Eidsdal skule. Fyrste delen følgjer kommunevegen framover langs elva, forbi skulen og idrettsplassen og byggjefeltet. Du går gjennom eit tun i enden av vegen og held fram på skogsveg. Etter kring hundre meter held du til høgre der skogsvegen deler seg, og startar på stigninga opp ein lang, slakk bakke. Motbakken endar oppe på Brisesletta. Dette var tidlegare staden der folk i nedre Eidsdal samla seg for å feire jonsok med bålbrenning, leikar og dans. No er sletta i rask attgroing, mellom anna fordi det ikkje har gått dyr på beite her på nokre år.


Du held fram vidare på skogsvegen. Etter litt kjem du framom eit fint utsynspunkt nedatt over bygda, litt seinare ligg det ei gammal utløe på høgre hand. Etter endå nokre hundre meter kjem du til eit stidele der råsa til Hesthaug og Rønneberg tek av mot høgre (vest), men du held fram vidare parallelt med elva og kjem til ein liten bakketopp med ei utløe. Dette er Bakkegjerdet, og turposten er plassert på veggen av utløa.


Dersom du har lyst på ein rundtur, held du fram vidare til Bjørkli. Her kjem du inn på ein grusa parkeringsplass ved eit hus. Gå over plassen og sving til venstre (nedover) på hovudvegen. I fyrste vegdele (etter omlag 100 meter), tek du av opp til tuna på Veiberg. Folkestien held fram på fyrste tunvegen til venstre, over ein liten bekk, gjennom eit gardstun og ned til ein campingplass. Du går traktorvegen vidare mot Hjellane og kryssar ei lita attlege, så gjennom ei grind og gjennom tunet på Fremste Hjelle. Like etterpå kjem du ned på kommunevegen. Her svingar du til høgre og følgjer vegen til endes. Du fylgjer skogsvegen på øvste sida av dette tunet og svingar så 90 grader nedover like etter tunet. Her går det sti ned til fylkesvegen gjennom bygda, og når du kjem ned hit, ser du p-plassen og skulen på den andre sida av elva og følgjer gangvegen dit.

Adkomst og parkering

Turen er skildra frå Eidsdal skule som ligg ca. 1 km frå sentrum i Eidsdal/ferjekaia. Du følgjer fylkesvegen mot Geiranger og svingar av og over brua like nedanfor skulen.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,5
Lengde tur/retur (km) 3,58
Lengde en vei (km) 1,79
Stigning Meter Grader
Total stigning 116 Høydemeter

Offentlig transport

Frå Eidsdal sentrum kan du gå til turstart ved Eidsdal skule. 1 km å gå på gangveg.
Det er få offentlege transporttilbod i området, så dette er lite å basere seg på.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
monika aarset 10
peik aarset 9
Anne Sofie Aarset 3
Gunnvor Helle Hole 3
Sonja Morsund 2
Lena Sofie Røysset 2
Kjersti Magnussen 2
Gullbjørg Harsjøen Helle 2
Wenche Gagnat 2
Anette Bonnevie Wollebæk 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. oktober 2
27. oktober 4
26. oktober 2
24. oktober 1
23. oktober 1
20. oktober 5
19. oktober 2
16. oktober 1
14. oktober 1
12. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: