Kilstiheia

Norddal
137
Besøk
8
km tur/retur
blå

Kort om turen

Turen til Kilstiheia byr både på eit svært vakkert kulturlandskap og makelaus utsikt over Storfjorden. I tillegg går heile turen inne i Unesco verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Kilstisetra er rekna som ei av dei vakraste på Sunnmøre.

Turbeskrivelse

Turen startar på p-plassen på Kilsti (Gjerdeneset). Følg skilta og merka sti direkte opp frå parkeringa over eit myrdrag og opp i spreidd bjørkeskog. Du kryssar over elva frå vatnet på god bru og held fram opp til vatnet langs elva. Råsa tek deg vidare rundt austsida av vatnet og inn til Kilstisetra. Hit er det 2 km i lettgått terreng. 


Frå setra er det bratt stigning oppover til heia. Råsa er god og tydeleg og går fyrste delen i bjørkeskog, før du kjem over skoggrensa på siste del av stigninga. På kring 830-meters høgde vet stigninga slakkare, og du går bakover heia mot nordvest. Turposten ligg heilt nord på heia, like før du startar på nedstigninga til Verpesdalssætra og Skrednakken.


Merk at du kan kombinere denne turen med ein heil rundtur, sjå omtalen av "Kilstimarkene rundt".

Adkomst og parkering

Du fylgjer fylkesveg 63 frå Eidsdal sentrum opp til krysset mot Rønneberg/Kilsti, omlag 6 km. Her tek du av og følgjer kommunevegen til p-plass på Kilsti. P-plassen ligg 3,9 km frå vegdele frå hovudvegen. God p-plass med moglegheit for å parkere 15-20 bilar.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 8
Lengde en vei (km) 4
Stigning Meter Grader
Total stigning 399 Høydemeter

Offentlig transport

Det er vanskeleg å satse på offentleg transport då det går svært frå bussar mellom Eidsdal og Geiranger, og berre skuleruta går opp til Kilsti dei dagane det er skule.

Spesielle forhold

Kilstisetra er rekna som ei av dei vakraste setrene på Sunnmøre. Heile turen går i Unesco verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap som står på verdsarvlista på grunn av sjølve fjordlandskapet med eit breitt spekter av landskapsformer. I tillegg er dette eit av dei vakraste fjordlandskapa på kloden. Flott usikt over Storfjorden og dei nærmast liggande bygdene frå Kilstiheia.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Sølvi Øyen 2
Gullbjørg Harsjøen Helle 2
Åshild Nerhus Foss 2
Gunnvor Helle Hole 2
Jørgen Larsen Stavseng 1
Trine Sand Haugen 1
Else Karin Æsøy 1
Torstein Stokke 1
Jorunn Hurlen 1
Aldor Kvammen 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. oktober 2
24. oktober 2
20. oktober 1
14. oktober 1
13. oktober 1
12. oktober 2
11. oktober 2
10. oktober 1
28. september 16
25. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: