Kjellsura i Dale

Norddal
197
Besøk
2,60
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Dale og Kjellsura er eit flott og fredeleg turområde som er mykje brukt av bygdefolket. Poststeinen i Kjellsura er ein kort og lett tilgjengeleg tur og du kan starte frå fleire punkt i bygda. Denne omtalen har startpunkt på den gamle prestegarden fremst i bygda, på Engeset/Innset. 

Turbeskrivelse

Turen startar på den gamle prestegarden ved Engeset/Innset. Her kan du parkere på venstre side av stabburet. Du startar med å gå austover, tilbake over brua mot Fossheim. I dette krysset går du grusvegen som passerer på oppsida av husa på Fossheim. Hald fram på denne vegen, som går slakt nedover i idylliske omgjevnader, til du har passert ei hytte på venstre hand. Om lag 150m etter hytta vil du finne ei grind på høgre hand, merka med "Dikksteinen". Her passerer du igjennom, og no går turen vidare på rås i brattare terreng. Området her er eigentleg ei stor og gammal ur, med store kampesteinar. Det har også vore beitemark for hest, sauer og geiter, men det er lite dyr i området no. Difor har det også kome opp ein del småskog. Eit flott område for ungar å leike i sidan det både er gode klarte/buldre-moglegheiter og mange fine gøymeplassar. Frå grinda går du ganske rett opp i om lag 200m. Råsa er merka med raude V-ar. Posten er ved ein stein der du kan setje deg ned og nyte utsikten og roa. Fin utsikt til fjella omkring, men lite utsyn mot fjorden, sidan det er mykje stor bjørkeskog. Retur same veg til prestegarden. Alternativt kan du gå ein rundtur. Då kan du ta til høgre etter grinda og halde fram på grusvegen ned mot Dale. Her få du fin utsikt over nedre del av bygda og fjorden. I Dale går du over på asfaltveg og held fram gjennom tuna, passerer inngangen til Dale gruvmuseum og kjem nedatt i krysset ved hovudvegen. Her kan du følgje hovudvegen i om lag 1,5km heilt frå til prestegarden att. Vil du ha ein lengre tur, er det sjølvsagt mogleg å gå rundt heile bygda, ned til fjorden og fram att Rellingsida og Holane. 

Adkomst og parkering

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du først mot Norddal, ca. 5km. Ved Nærbutikken tek ein til høgre framover i bygda og køyrer i om lag 2km før ein tek til høgre over ei bru. Du finn den gamle prestegarden, som også har vore kloster, på høgre hand rett etter brua. Her kan du parkere på venstre side av stabburet.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,1
Fast grus 1,0
Lengde tur/retur (km) 2,60
Lengde en vei (km) 1,30
Stigning Meter Grader
Total stigning 78 Høydemeter

Offentlig transport

Offentleg transport normalt ikkje tilgjengeleg. Skulebuss passerer Fossheim morgon og ettermiddag.

Spesielle forhold

Kjellsura er spesiell mykje grunna dei store steinane som har kome ned i eitt ras for nokre tusen år sidan. I tidlegare tider vart området nytta til lauving, for å skaffe ekstra mat til dyra. Dei store bjørkene i området ber preg av dette, då dei har ein tjukk stamme nederst, som så deler seg i mange greiner. Det er også knytt ei segn til Kjellssteinen, ved grusvegen mot Dale. I Dale finn du det nye gruvemuseet i bygda, og du kan også stikke innom Tonga Gardsbryggeri og Silo'n pub.

Kart

Turkart for Norddal

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Ole Magnus Melchior 11
Wenche Kristin Relling 10
Tore Relling 4
Ingunn Linge Valdal 3
Sissel Morsund Venaas 3
Gullbjørg Harsjøen Helle 2
Harald Eikrem 1
Ingrid Aune Hjelle 1
Guri Nielsen Frost 1
Rigmor Vik Tautra 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. oktober 1
27. oktober 4
26. oktober 2
24. oktober 2
20. oktober 3
19. oktober 2
10. oktober 1
6. oktober 3
28. september 2
27. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: