Yttlinakkane frå Hauge

Norddal
317
Besøk
6,80
km tur/retur
blå

Kort om turen

Fin tur i lett terreng. God utsikt til fjorden og store delar av Norddal kommune. Passar godt både som treningstur på kveldstid og som søndagstur med familien. Spesiell furuskog og opa hytte å raste i.

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen på Hauge kryssar ein bilvegen og fylgjer gardsvegen som går gjennom nærmaste tunet, rett oppom parkeringsplassen. Gardsvegen går forbi to bustadhus og ei gammal løe som ligg på høgre hand, og ei nyare løe på venstre hand.


Dette er ein god traktorveg som ein fylgjer om lag 500 m oppover, til skiltet som viser pil til Ruggå. Følg stien vidare oppover til ein kjem til vegskilje med pil mot venstre, skilta til Yttlinakkane. Derifrå fylgjer ein fin og god sti i lett terreng vestover. Etter ca 600 meter kjem ein til Flatstimyra. Der er godt merka og ein held fram på stien opp ein slak stigning utover Heia, forbi ein plass som heiter Svasvadalen og til ein kjem til Rusetdalen. Frå Rusetdalen er det noko stigning mot Yttlinakkane. På toppen av Yttlinakkane (600 moh.) er det veldig gammal og spesiell furuskog, og her fylgjer ein stien i flatt terreng fram til hytta som står på området kalla Kvitsva.


Kassa finn ein på treet like bortom hytta. Der har Fjørå helselag si trimkasse også. Hytta er det Erling Rødal frå Ytterli som eig. Ho er opa for alle, men husk at ein ikkje legg att søppelet sitt der. Frå Yttlinakkane er det fin utsikt mot Nysætra (750 moh.), til dei inste gardane i Fjørå og innover mot Tafjord. Likeeins ser ein Valldalen og over fjorden til dei gamle fjordgardane og til Eidsdal.


Alternativ retur: Frå trimposten kan ein halde fram turen nedover mot Bjønnamyra. Der deler stien seg og ein kan gå ned til Ytterli (400 moh.) og fylgje bilvegen tilbake til parkeringsplassen på Hauge (ca 1,8 km). Eller ein kan halde fram vidare på merka sti frå Bjønnamyra og til Rusetdalen, der ein kjem inn på same stien som ein kom, og fylgjer han attende til Hauge. Ikkje alle dei lokale namna står på kartet, men det er skilta og delvis merka.


Ein kan elles nemne at HKH Dronning Sonja også har gått på tur her. I hytta på Kvitsva heng ei helsing frå ein av dei mange turane hennar.


Turen tek 2-3 timar t/r i lett terreng. Dette er ein tur som passar heile familien.

Adkomst og parkering

Frå Fjørå kai fylgjer ein vegen som slyngar seg oppover til Selboskar og Hauge, 400 moh. Ved Selboskar svingar ein til høgre (180 graders sving) og etter nokre hundre meter kjem ein til parkeringsplassen på Hauge på høgre sida av vegen. Gratis parkering. Plass til 10-15 bilar.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,1
Fast grus 0.6
Lengde tur/retur (km) 6,80
Lengde en vei (km) 3,40
Stigning Meter Grader
Total stigning 270 Høydemeter

Offentlig transport

nei

Kart

Turkart for Norddal kommune, turkart Tafjordfjella

Flest besøk 2019

Navn Besøk
NELLY MARIE YTTERLI 10
Kristi Linge Stakkestad 8
Anne Lene Hjelle 4
ottar inge ytterli 4
Berit Engeseth 3
Torsten Steins 3
Magne Eivind Glomnes 3
Brita M. Relling 2
Magnhild Grønningsæter 2
Aud Lindis Ødegaard 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. oktober 3
21. oktober 2
20. oktober 1
14. oktober 2
13. oktober 2
11. oktober 2
10. oktober 5
9. oktober 2
7. oktober 3
6. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: