Middagshesten

Norddal
52
Besøk
7,2
km tur/retur
rød

Kort om turen

Turen til Middagshesten er ein tur med god stigning som relativt raskt vil gje deg god utsikt i fleire retningar. Frå toppen ser du både mot Norddalsfjorden, mot Dyrdalen med flotte fjellvatn og mot fjella Torvløysa, Storvasshornet og Skorene. Passar for born frå 7-års alderen som er vande med turgåing.

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen på Rellingsetra går du først over setrevollen og passerer mellom dei øvste sela på stølen før du føl ein setreveg eit kort stykke. Du får auge på skihytta oppe på selhaugen, og ved ei lita elv svingar du så til venstre oppover i den gamle slalombakken. Råsa er merka med raude V-ar vidare. Etter slalombakken vil råsa flate litt ut, før den igjen blir brattare opp mot Kvithaugen. Du går vidare i dalen mellom Nonshaugen og Middagshesten. Ved om lag 940m.o.h. står eit skilt som peikar mot Middagshesten. Her må du trakke opp ei brattare skråning og gå forbi nokre fjellknausar, før du kjem opp på flata som fører inn mot foten av Middagshesten. Sjå godt etter dei raude V-ane vidare over denne steinsletta. Du skal starte på det siste, brattaste partiet om lag midt på ryggen til "Hesten". Dette partiet startar med ei lita ur, vidare er det noko bratt og ein bør vere merksam på lause steinar. Du kjem opp på sjølve ryggen kun eit kort stykke frå varden på Middagshesten. Pass på kvar du kjem opp, slik at du kan finne rett veg nedatt. Returen går i same rås, men det er også mogleg å returnere til setra ved å følgje ryggen i retning Storvatnet. Då kjem du ned til nokre småvatn, før ein kan finne øvsteråsa ned att til Rellingsetra. Denne råsa er førebels ikkje merka og rydda, så her bør du ha med kjentfolk. 

Adkomst og parkering

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du først mot Norddal, ca. 5km. Ved Nærbutikken tek ein til høgre framover i bygda og køyrer i om lag 2km før ein tek til høgre over ei bru. Vegen går vidare oppover til Hatlestad utan fleire vegkryss. Du passerer Dyrdalsfossen på vegen. På Hatlestad køyrer du over parkeringsplassen, betaler bomavgift og held fram på den private grusvegen fram til Rellingsetra, i om lag 3km. Der er avgrensa med plassar til bilar, så køyr gjerne fleire saman, om mogeleg.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 7,2
Lengde en vei (km) 3,6
Stigning Meter Grader
Total stigning 796 Høydemeter

Offentlig transport

Det er normalt ikkje tilgang til offentleg transport. Buss til og frå Hatlestad i skuleåret.

Spesielle forhold

Skihytta på Rellingsetra er eit levande kulturminne sidan dette delvis er eit gamalt hus som vart flytta frå bygda og opp til setra, og teke i bruk som samlingspunkt for ski- og friluftsinteresserte på 50-talet. Er eit mykje brukt samlingspunkt også i dag, spesielt vinterstid. Ved skihytta på Rellingsetra finn du ein enkel utedo. Skihytta kan også leigast for overnatting. Ta kontakt med Norddal IL, t.d. gjennom facebooksida. Rellingsetra er eit godt utgangspunkt for mange fine turar.

Kart

Turkart for Norddal

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Ole Magnus Melchior 4
Kari Løvoll Dalhus 3
Wenche Kristin Relling 2
Tore Relling 2
Eljar Brunvall 1
Are Uran 1
Willy Egon Gautvik 1
Ragnhild S. Devold 1
Siv Lindis Godø 1
Sindre Ringdal 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. september 1
28. september 1
27. september 1
26. september 1
10. september 2
8. september 4
7. september 1
5. september 1
2. september 2
28. august 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: