Storsvingen i Tafjord

Norddal
452
Besøk
2,39
km rundtur
grønn

Kort om turen

Lett rundtur som gir fint utsyn over Tafjordbygda. Turstien går forbi bådet eit nytt og eit gammalt kraftverk, og restane av det aller første kraftverket i Tafjord. 

Turbeskrivelse

Parkering og start ved Kraft- og Skredsenteret (K&S) i Tafjord. Gå forbi senteret (som er i ein gammal kraftstasjon) og den nye kraftstasjonen som ligg rett ved sida av, og vidare oppover langs det gamle elveleiet. Følg raude merke på trea.


Etter ca 400 meter kjem ein til restane av det aller første kraftverket i Tafjord. Dette kraftverket blei etablert for å produsere straum til bygginga av kraftstasjonen Tafjord 1, som kom i drift i 1923. Dette midlertidige kraftverket blei demontert i 1925.


Når ein har passert restane av det gamle kraftverket går stien eit kort stykke bratt opp til Storsvingen. Her ser ein restane etter eit fundament til rørgata som førte vatnet frå Onilsavatn til anleggskraftverket. Rørgata var av tre og materiala blei gjenbrukt til mellom anna husbygging i Tafjordbygda. 


Frå Storsvingen er det fin utsikt over Tafjordbygda. Turen går så nedover att og ein følgjer hovudvegen (asfalt) eit kort stykke. Ved tunnellopninga tek ein til høgre og går den fine gamlevegen i tre svingar ned til brua.


Om lag 100 meter etter brua svingar ein til venstre opp ein liten bakke. Stien går så gjennom skog, gammal beitemark og kulturlandskap i retning mot bygda og fjorden. Stien kan nokre stadar vere utydeleg, men er grei å finne. På denne sløyfa passerer ein StikkUt!-kassa og eit skilt mot Tafjord ved stidele. Dette er "trimløypa" i bygda.


Følg stien til ein kjem inn på “Gamlevegen” (Sjoavegen, asfalt). Sving til høgre og følg denne vegen oppover til ein møter hovudvegen att. Sving så til venstre og følg hovudvegen (Dalevegen) om lag 500 meter nedover, ta så til høgre på sti ned til elveleiet. Her kryssar ein elva lett ved utløpet til kraftstasjonen, og ein er tilbake ved startpunktet ved K&S.


Her møtest gammal og ny tid - med gammal og ny kraftstasjon ved sidan av kvarandre. Den gamle kraftstasjonen Tafjord 1 produserte straum heilt til 1989, då blei den erstatta av nye Tafjord 1. Den gamle kraftstasjonen er i dag vitensenter for energi, ras og skred (K&S).

Adkomst og parkering

Følg skilting til Kraft- og Skredsenteret, det ligg 700 meter frå avkøyringa ved brua i Tafjord/Tafjord friluftsbad. Vegen går oppover langs austsida av Storelva. Gratis parkering ved Kraft- og skredsenteret. Følg P-skilt.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 1,1
Total lengde rundtur (km) 2,39
Stigning Meter Grader
Total stigning 141 Høydemeter

Spesielle forhold

Tafjord har ein spennande krafthistorie, frå bygginga av den første kraftstasjonen starta i 1919 og fram til i dag.
Les meir om historien til Tafjord Kraft her: https://historie.tafjord.no/periode/1918-1923/den-forste-kraftstasjonen/

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000. Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Kjetil Brudevoll 8
Kristi Linge Stakkestad 6
Rolf jarle dybvik 4
Stig Falling 3
Øystein Andersen 3
Anne Lene Hjelle 3
Berit Engeseth 3
Hilde-Karin Skrede 3
Ingrid Dyb-Sandnes 2
Magne Eivind Glomnes 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
30. oktober 1
28. oktober 2
27. oktober 2
20. oktober 2
18. oktober 2
15. oktober 1
14. oktober 2
11. oktober 2
9. oktober 6
6. oktober 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: