Veibergsetra frå Løvoll

Norddal
171
Besøk
4,79
km tur/retur
grønn

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 15/5. Det kan bli sein opning pga snø i høgda.

Kort om turen

Turen til Veibergsætra går på skogsveg og god sti i variert skogterreng. Det er ein fin ettermiddagstur eller kveldstur, og ruta følgjer gamle ferdselsvegar og seterstiar i bygda.

Turbeskrivelse

Turen startar frå klubbhuset på Løvoll. God plass til parkering ved kommunevegen tett ved klubbhuset. Følg kommunevegen heimover til Kleiva (mot nord), om lag 800 meter.


Sving av på ein traktorveg mot høgre rett før ein raud garasje. Her er det skilta til Veibergsætra. Du følgjer den gamle bygdevegen nedover Kleivadalen. Normalt passerer du gjennom to grinder før du skal ta av på sti mot høgre (aust). Hugs å late att grindene etter deg. Her går ofte dyr på beite. Der stien tek av til høgre, står det skilt mot Veibergsætra. Kring 50 meter etter denne stistarten kryssar du ein bekk/lita elv med ei ny bru. Etter elvekryssinga skråar stien utover lia mot nordaust. Du går stort sett i variert lauvskog og fin blåbærmark og stien er tydeleg. Nokre hundre meter før setra, kjem det opp ein sti frå venstre (ikkje lett å oppdage han). Dette er den gamle sætreråsa frå Veiberg, og dersom du vil ha ein kort rundtur, kan du gå nedatt her på returen, og svinge nedom utsynspunktet på Kleivahammaren før du går oppatt til Kleiva og vidare til p-plassen på Løvoll.


Det siste stykket fram til setra er nærmast flatt. Du kjem fram til ein open setervoll der det står att eitt sel og ruinane etter eit anna. Posten er plassert på selveggen på det attståande selet. 

Adkomst og parkering

Du køyrer fylkesvegen frå Eidsdal sentrum mot Geiranger. Etter omlag 10 km kjem du til Eidsvatnet, og her følgjer du skiltinga nordover mot Kleiva. Parker ved klubbhuset til Eidsdal IL (Gammalt skulehus med påbygg). Klubbhuset ligg på høgste punktet av vegen, etter vel 2 km frå Eidsvatnet. Det er også muleg å parkere på P-merka plass på Kleiva, ved enden av vegen, men her er det avgrensa plass (plass til 3-4 bilar).

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,2
Fast grus 0,0
Lengde tur/retur (km) 4,79
Lengde en vei (km) 2,40
Stigning Meter Grader
Total stigning 76 Høydemeter

Offentlig transport

Det er krevjande å komme seg til turstart utan bil då det går få bussruter mellom Eidsdal og Geiranger, og endå færre går oppom Løvoll.

Spesielle forhold

Klubbhuset til Eidsdal IL er opphaveleg eit gammalt skulehus som stod på Eide. Det vart flytta til Løvoll i 1970- åra og vart påbygd inn på 2000-talet.
Turen går via den gamle bygdevegen "Kleivane". Veibergsætra med setervoll og gamle sel.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
monika aarset 6
peik aarset 5
hege aune 2
Gunnhild Berge 2
Evy Walderhaug 2
Gullbjørg Harsjøen Helle 2
Brit Flemmen Berg 2
Sindre Ringdal 1
Kjetil Holm-Sandnes 1
Eskild Blindheim 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. oktober 1
27. oktober 1
26. oktober 2
24. oktober 2
20. oktober 1
19. oktober 2
13. oktober 1
10. oktober 1
6. oktober 3
2. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: