Roalden

Stranda
175
Besøk
10,94
km tur/retur
rød

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 15/6. Det er framleis mykje snø i fjellet, og meir er på veg. Det er difor ikkje mogleg å opne turen 1. juni - eg ber om at opning blir utsett til minst 15. juni - så skal eg gjere ny vurdering i denne perioda.

Kort om turen

Dette er ein tur i forholdsvis lett terreng og på god sti. Ein mini-besegg utan bratte eller luftige parti. Ruta fyl grensa mellom Stranda og Sykkylven omtrent heile vegen. Det er start på omlag 550 m.o.h, så ein kjem raskt opp i høgda og får flott utsikt Om du vil kan du gå ned att langs heistraseen på Strandafjellet skisenter, eller ta heisa ned att om du heller vil det. Det er i tilfelle 4 km tilbake til startstaden.

Turbeskrivelse

Start på parkeringsplassen ved Svartevatnet. Kryss vegen i austenden av parkeringsplassen og gå på utsida av autovernet eit kort stykke. Du kjem straks inn på stien. Det er god sti og god merking med vardar, og ruta har også skilting. Like før du kjem opp til Langevatnet kryssar du ei elv (N62° 17.866' E6° 47.091'). Her deler stien seg. Stien som går til venstre går til Myrdalsfjellet. Du skal følge stien rett fram/lett til høgre over elva og opp til vatnet. Frå vatnet følger du skilting til Roaldshorn. Det er godt varda til Kleivdalsfjellet. Herifrå er det også vardar, men ikkje like tett. Det er ingen problem å finne vegen for stien er tydeleg og du ser kvar du skal. Nokre plassar deler stien seg, men stiane går saman igjen så du kan ta det valet du vil. På Roaldshornet er det flott utsikt m.a. inn Storfjorden og ned mot Stranda. Ta deg tid til å nyte den!Når du går ned att, går det ein sti ned til Hevsdalen ikkje så lenge etter at du har starta på returen (N62° 18.705' E6° 50.259'). Denne skal du ikkje følge. Du går nok ikkje feil om du er obs på dette.

Adkomst og parkering

Start ved parkeringsplassen ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven.
Kjem du frå Sykkylven ser du ein bra stor parkeringsplassen når du er ferdig med bakkane, like før ein skarp sving. Kjem du frå Stranda køyrer du 4 km forbi Strandafjellet skisenter, og du finn parkeringsplassen like etter ein skarp sving.

Ved Svartevatnet (RV60) like vest for grensa mellom Stranda og Sykkylven er det god plass å parkere.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 10,94
Lengde en vei (km) 5,47
Stigning Meter Grader
Total stigning 865 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Stranda og Sykkylven http://www.frammr.no/

Kart

Turglede Sykkylven

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Siw Lausund 4
Reidunn Emblem 2
Nina Aarseth 2
Oliver Strand 2
Edel Anne Baardseth 2
Elisabeth Hansen 2
Tone K. Austnes 2
Asbjørn Lausund 2
Øystein Meyer 2
Tord Haukebø Siem 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
30. oktober 1
13. oktober 3
10. oktober 1
6. oktober 1
5. oktober 2
28. september 3
22. september 7
21. september 1
8. september 13
7. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: