Jensbu

Vestnes
194
Besøk
7,55
km tur/retur
rød

Kort om turen

Fin fjelltur delvis opp ein heilt ny opparbeid sti opp lia til Storskorkja.  På toppen er det ei ny fjellhytte som vart offisiellt opna 4. juli 2018.  Fantastisk flott hytte med nesten alle fasilitetar, med ei like fantastisk utsikt.  Toppen er ikkje blant dei høgaste (861 moh).  Derfor er det eit turmål dei fleste kan greie.  

Turbeskrivelse

Det er grei sti heile vegen. Den er godt merket med raud måling på steinar og tre, og på pinnar.  Første delen av turen går frå parkeringsplassen og opp lia til Dalssetra. Start med å gå over brua, og rett fram gjennom eit grustak. Litt steinete underlag første biten. No startar motbakken.Du skal stige ca. 300 høgdemeter på ein sti som slynger seg oppover til Dalssetra.  Stien er bratt, men fast og fin.  Det er bjørkeskog og skugge mesteparten av vegen.  Etter setra flater stien ut.  Fin og fast sti bort til Dalsvatnet.  Her er siste sjanse til å fylle på vatn.  Frå Dalsvatnet er det opparbeidet ein heilt ny sti opp til Storskorkja.  Ein brei trassé gjennom småbjørkeskog.  Delvis hellelagt, og grei å gå på. Stien er bratt, og har ingen våte parti.  Over tregrensa går stien i sikksakk opp til eggen mellom Litleskorkja og Storskorkja.  Legg merke til at det er Storskorkja som er det lågaste fjellet.  Over eggen er det fantastisk utsikt til Kleivavatnet, Sandfjellet og Øvstedalen på eine sida, og til Dalsvatnet, Brudefølget, Nonsfjellet og Rongja på den andre sida. Stien er tørr og fast med god plass på begge sider.  Men denne delen av turen kan opplevast som litt luftig.  Siste stykket opp til toppen vekslar det mellom bratt og lett motbakke.  Etter siste stigninga går ein litt ned og ut mot toppen.  Her ligg Jensbu.  

Adkomst og parkering

Du tar av frå hovedvegen innerst i Tresfjorden. Ved kyrkja står det ein skilt med tekst "Øvstedalen". Sving mot høgre dersom du kjem frå Vestnes. Her er det fem km oppover til Øvstedalen. Etter å ha passert eit gårdsbruk på høgre side, tar du av til høgre der det står eit skilt med teksten "Dalssetra". Følg grusvegen ca. 300 meter, og parker på ein av parkeringsplassane på begge sider av elva.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0,5
Lengde tur/retur (km) 7,55
Lengde en vei (km) 3,78
Stigning Meter Grader
Total stigning 768 Høydemeter

Offentlig transport

Busstilbudet til Tresfjord er dårlig, enda dårligere om helga.

Spesielle forhold

Hytta på toppen har fått namnet Jensbu som minne etter revyskodespelaren Jens Rønning som omkom på Storskorkja i 2002.

Kart

Turkart Ørskogfjellet og Turkart rundt Tresfjorden utgitt av Tresfjord idrettslag. Karten kan kjøpast på Spar Tresfjord.

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Ester Tautra 2
Tove Lund 2
Ann Kristin Lundgren 2
Ragnhild Øvstedal 2
Turid Eidhammer Giske 2
Eva Langstein 2
Hallbjørn Langstein 2
Jørn Salthammer 2
Peder Nerland 2
Per Bjørn Rakvåg 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
23. oktober 1
20. oktober 3
15. oktober 1
14. oktober 1
13. oktober 7
12. oktober 1
11. oktober 2
9. oktober 1
8. oktober 2
7. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: