Fyrdsheida

Volda
109
Besøk
5,18
km tur/retur
rød

Kort om turen

Turen går på god sti gjennom fin furuskog. Det er flotte utsiktspunkt undervegs og på toppen har du fin utsikt ned mot m.a. Fyrde og ut Voldsfjorden. Det kan vere fint å sjå solnedgangen frå Fyrdsheida. 


OBS! På grunn av en feil i kartverktøyet visast feil stigningstal for denne turen.
Stigninga er om lag 480 meter, ikkje 736 meter.

Turbeskrivelse

Start ved parkeringsplassen ved Austefjord skule. Kryss vegen og følg smal grusveg forbi eit par hus/hytter. Det er skilta mot Lisjedalen. I enden av grusvegen går du gjennom ei grind, over ei mark og gjennom ei ny grind. Husk å late att grindene etter deg! Du kjem no inn på stien som du skal følge vidare oppover. Ved (N62° 04.144' E6° 19.608') - 200 m.o.h. - kjem du inn på stien som kjem frå byggefeltet i Fyrde. Her er det skilta til Lisjedalen. I 400 m høgde, like etter eit utsiktspunkt (Sprengebakken), tek du av opp til Fyrdsheida. Det er merka med merkepinne der du skal ta av. Følg merka sti vidare heilt til topps. Ruta er merka med merkepinnar og nokre skilt heilt frå start.


Det er nokre våte parti undervegs og litt røter og berg, så det er lurt med gode sko


Dersom du går rett fram i staden for å ta av til Fyrdsheida, kjem du opp til Litledalssætra

Adkomst og parkering

Følg E39 frå Volda til like før Fyrdsbergtunnelen. Ta av på Fyrdsvegen og følg denne ein knapp km til du kjem til Austefjord skule. Kjem du frå aust, tek du også av like før Fyrdsbergtunnelen, men i andre enden, og følger Fyrdsvegen ca 1.5 km. Du passerer den store padda. Det er plass til ein god del bilar på parkeringsplassen

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 0,18
Lengde tur/retur (km) 5,18
Lengde en vei (km) 2,59
Stigning Meter Grader
Total stigning 736 Høydemeter

Offentlig transport

Buss (frammr.no)

Spesielle forhold

Det er også greit å starte øvst i byggefeltet, men her er det lite plass til parkering. Ta gjerne ein stopp ved den store padda som står ved austenden av Fyrdsbergtunnelen (https://www.smp.no/nyheter/soere/article9802915.ece)

Kart

Sunnmørskart

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Beate Leite Førde 5
Elsa Førde 3
Marit Aaslud 2
lisbeth leira humberset 1
Torill Irene Gåsvik 1
Henrik von Ubisch 1
Svein Brurås 1
Siw Karin Berge 1
Per Ernst Lundberg 1
Odd Kjetil Liseth 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. oktober 3
24. oktober 2
19. oktober 1
13. oktober 2
11. oktober 1
5. oktober 1
26. september 2
24. september 1
22. september 2
10. september 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: