Heltnelihuken

Volda
1483
Besøk
1,83
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Turen til Heltnelihuken er lett tilgjengelig frå Volda sentrum og kan gjennomførast til alle årstider. Kort tur på god skogsveg gjer at denne turen egnar seg godt som ein ettermiddagstur eller som eit turmål for dei minste. God skogsveg heilt fram til gapahuken gjer at turen kan gjennomførast med barnevogn og el. rullestol. 

Turbeskrivelse

Frå parkeringa ved høgdebassenget til Volda vassverk startar du austover, gjennom ein bom og oppover fin skogsveg i retning Volda skisenter (Reset). Etter om lag 500 meter kjem du til eit veiskille - her skal du ta av opp mot venstre. Like etter at du har tatt av til venstre går du forbi eit skilt på venstre side som skiltar vidare til mellom anna Heltnelihuken, Ekombakken og Kortemyra. Fortsett oppover denne skogsvegen i om lag 300 meter og du vil sjå gapahuken og turmålet på di venstre side. Vel framme ved gapahuken har du flott utsikt over Volda sentrum, Voldsfjorden og Folkestad. Om du ønskjer ein lenger tur kan du herifrå gå vidare til mellom anna Turnhytta og Dinglavatnet - sjå eigen turskildring. 


 

Adkomst og parkering

Frå rundkøyringa ved Høgskulen i Volda følgjer du fylkesveg 45 mot Vikebygda. Etter om lag 1 km tek du av til venstre opp mot Bratteberg. Følg Bakkelidvegen i 600 meter før du tar inn til venstre på Hjellbakkane. Følg vegen til endes, forbi Bratteberg skule, gjennom høgresvingen (der vegen endrar namn til Bjørnevegen) og vidare i om lag 800 meter kvar du tek venstre igjen opp mot Bergsvegen. Følg grusvegen opp til venstre til du er ved høgdebassenget til Volda vassverk. Her kan du parkere.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,83
Lengde tur/retur (km) 1,83
Lengde en vei (km) 0,92
Stigning Meter Grader
Total stigning 90 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute 340 frå Volda rutebilstasjon tek deg til Bratteberg skule. Herifrå kan ein følge gangveg på skrått opp gjennom byggefeltet på Bratteberg til grusvegen som tek deg vidare opp til høgdebassenget til Volda vassverk og starten på Stikk UT!-ruta.

Spesielle forhold

Frisklivssentralen Aktiv i Volda har intervalltrening i denne ruta kvar onsdag kl. 13:00 - 14:00. Her er det ubegrensa plass og opent for alle som ynskjer å vere med.

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Berit Koen 66
Per Ernst Lundberg 57
Elisabeth Larsen 39
May Britt Heltne 32
Svein Arve Eliassen 31
Oddrun Ryste 24
Kåre Johan Yksnøy 24
Torill Irene Gåsvik 22
Trond Hoggen 20
Ann Christin Andersen 18

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 4
30. oktober 1
29. oktober 9
28. oktober 4
27. oktober 8
26. oktober 15
25. oktober 3
24. oktober 2
23. oktober 5
22. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: