Kalsethola

Volda
1259
Besøk
2,59
km rundtur
grønn

Kort om turen

Kalsethola er eit flott utsiktspunkt med utsyn mot Volda sentrum. Her er benkar, bålpanne og ei huske. I byrjinga av desember vert stjerna like ovanfor Kalsethola tent, og då er det ekstra populært å ta turen hit 

Turbeskrivelse

Start ved parkeringsplassen ved Rotsethorntunellen. Frå austenden av parkeringsplassen går det gruslagd turveg. Gå opp bakken. Etter at du har gått gjennom grinda, tek du til høgre (sjå skilt) og vidare opp mot Kalsethola. Vegen går over tunellopninga. På retur kan du ta same veg, eller du kan velge å fortsette nedover mot Rotevatnet i staden for å svinge ned att til startpunktet (ved grinda). Då får du ein litt lenger tur.
Skogen ned mot Rotevatnet er hogd ned, så du ser kvar du skal gå. Når du kjem ned på vegen som går rundt Rotevatnet tek du til venstre gjennom ei grind. Følg vegen vestover i omlag 350 m og ta første veg til venstre opp til start. Etter ca 150 m kan du ta til høgre. Då kjem du til Volda stadion/Stadionparken, og du kan gå vidare ned Elvadalen eller til badeplassen Årneset.  


Hugs å late att grinder etter deg! Her er sau på beite

Adkomst og parkering

Frå Volda sentrum køyrer du E39 mot Stryn. Like før Rotsethorntunellen startar turen. Her er det god plass til å parkere.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 2,59
Total lengde rundtur (km) 2,59
Stigning Meter Grader
Total stigning 135 Høydemeter

Offentlig transport

Gangavstand for dei fleste i Volda sentrum.
Buss frå Volda retning Stryn
www.frammr.no

Spesielle forhold

Frå Kalsethola kan du gå vidare ei bratt rute opp til Rotsethornet. Du finn turomtale på morotur.no

Kart

Turkart over Volda. Kan kjøpast på Intersport eller Norli i Volda

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Trond Hoggen 93
Arve Telseth 76
Dagny Kalvatn 28
Kåre Johan Yksnøy 23
Petter Olav Espe 18
Nerissa Solvang 18
Sunniva Vågen Dimmen 17
Liv Sandvik 16
Janne Dalebø 14
Mette Ryste 12

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 3
30. oktober 2
29. oktober 8
28. oktober 2
27. oktober 6
26. oktober 15
25. oktober 6
24. oktober 4
23. oktober 4
22. oktober 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: