Torviksætra

Volda
71
Besøk
3,95
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Turen til Torviksætra er ein kort, men fin tur med jamn stigning opp til ein gamal sæterstøyl for gardane Torvik og Stigen. Torviksætra er eit ynda turmål som passar godt for barnefamiliar. 

Turbeskrivelse

Turen startar ved Ulvestad barneskule. Frå barneskulen følgjer du fylkesveg 652 nordover i 400 meter til du kjem til ein skogsveg som ligg om lag 50 meter ovanfor driftsbygninga til Trio samdrift. Her er det skilta mot Torviksætra og merka med Stikk UT!-skilt. Følg skogsvegen oppover og vidare inn i skogen. I det første krysset tek du til høgre og følgjer skogsvegen opp bratta til den flatar ut. Der skogsvegen flatar ut startar stien som går langs åskammen vidare opp mot sætrestøylen som ligg på 265 moh. På åskammen på veg mot sætrestøylen har ein fin utsikt mot Lid, Berknes, Yksnøy og mot Gurskøya. 


 

Adkomst og parkering

Frå ferjekaia på Lauvstad følgjer du fv 625 i retning Syvde. Følg vegen omlag 800 meter frå krysset ved ferjekaia og parker bilen ved Ulvestad barneskule. Ingen parkeringsavgift.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,4
Fast grus 0,7
Lengde tur/retur (km) 3,95
Lengde en vei (km) 1,98
Stigning Meter Grader
Total stigning 259 Høydemeter

Offentlig transport

Offentleg transport til Volda sentrum. Frå Volda kan ein kan ta ferje til Lauvstad og gå fra ferjekaia. Det er om lag 750 meter i gangavstand frå ferjekaia på Lauvstad til Ulvestad barneskule. Sjå ferjetidene på www.frammr.no (ferje 08. Volda - Lauvstad)

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Synnøve Velsvik Brandal 2
Kåre Johan Yksnøy 2
Edith Kari Haugen 1
Sunniva Vågen Dimmen 1
Are Uran 1
Svanhild Rødskar 1
Arne Tønseth 1
Stig Grevsnes 1
Mette Ryste 1
Berit Kristin Aaland 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. oktober 1
18. oktober 1
6. oktober 2
5. oktober 3
27. september 2
23. september 2
10. september 2
27. august 1
13. august 1
9. august 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: