Elvastien

Ørskog
3845
Besøk
1,3
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Området langs Ørskogelva er ei naturperle. I tidlegare tider var elva mykje bruka som badeplass og leikeplass for barn og unge som vaks opp langs elva. Området er opna opp igjen slik at Elvastien kan brukast for naturopplevingar, fisking, leik og trim for alle. Turvegen er universelt utforma med asfalt, ledekant for blinde og lite stigning. Langs vegen er det 2 gode rasteplassar med bord, benkar og grue og to kvileplassar med ein benk på stadar der elva er spesielt fin. Turvegen ligg fint i terrenget nært elva. Spesielt kjem ein nær naturkreftene ved omsorgsboligane ved Smibakken. Her står det ein flott portal i smijarn ved inngangen til Smibakken som lokale, frivillige smedar har laga.


Elvaeigarlaget har sett opp ei fin grindløe - Elvaløa, ved den rasteplassen som ligg lengst mot aust. Her er det langbord, hellelagt golv og ved og bålpanne under benken som alle kan bruke. Ørskog Historielag har utarbeidd tekst og funne bilde til skiltet med informasjon frå gamle dagar. Skiltet står like ved Elvaløa. Elvaeigarlaget har også bygd ein stor fiskeplass med universell utforming og bord og benkar. Elvastien har fått 16 store og små figurar i tre og metall som den lokale kunstnaren Jørund Amdam har laga. Frivillige har restaurert dei og montert alle figurane ved Elvastien sommaren 2015. Her har Elva-Pe fått heidersplassen like ved elva og løa. Elvastiens venner held stien fin og ryddig.

Turkasse med turbok finn du ved Elvaløa.

Turbeskrivelse

Start ved Ørskog kyrkje og gå søraustover langs Ørskogelva. Følg vegen 650 meter langs elva. Dette er ei tur / retur løype der ledekanten gjer ein sving som avsluttar turvegen med universell utforming.

Ein fin rundtur i sentrum: Start ved kyrkja, gå Elvastien, hald fram vidare på eksisterande gangveg på grov grus opp ein traktorveg med ganske bratt stigning, gå over Steinholtbrua, vidare gjennom bankparken, undergangen og tilbake til kyrkja.

Kulturminne

Ørskog prestegard på Sjøholt ligg omkring 300 meter søraust for kyrkja frå 1873. Prestegarden har ei bygningskjerne frå byrjinga av, eller midten av 1800-talet. Planløysinga viser at det i fyrste høgda har vore eit eige bispekammer. I tillegg til hovudhuset, er stabbur og forpaktarbustad frå slutten av 1800- talet freda. I 1926 blei bygninga restaurert etter forslag av arkitekt Ole Landmark.

Adkomst og parkering

Ta til venstre i Sjøholt sentrum. Køyr sørover til Ørskog kyrkje, ca 300 m.

Parkering ved Ørskog kyrkje. 2 merka HCP og HWC like ved parkeringa.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 1,3
Lengde tur/retur (km) 1,3
Stigning Meter Grader
Total stigning 4 Høydemeter

Offentlig transport

Buss til Sjøholt sentrum og gå ca. 300 meter til startpunktet ved Ørskog kyrkje.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Solgunn Ramsvik 116
jannike madsen 114
Aud Kongsnes 107
Marit Rostad Søvik 80
Hilde Sørdal 48
Helene Lungård 43
ingunn madsen 34
Anny Hauge 34
Lars Tore Nerbøvik 34
Sylvia Nordlund Rørstad 27

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 9
30. oktober 11
29. oktober 15
28. oktober 6
27. oktober 19
26. oktober 10
25. oktober 19
24. oktober 20
23. oktober 16
22. oktober 7

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: