Gamle Lisetsetra

Ørskog
657
Besøk
5
km tur/retur
blå

Kort om turen

Lett tur langs sætreveg og på rås det siste stykket. I periodar nokre våte parti langs råsa. Setra ligg akkurat på skoggrensa og har flott utsikt vestover.

Gamle Lisetsætra ligg høgt og fritt til med fin utsikt til bygda og Storfjorden. Fin kveldstur eller utgangspunkt for å gå vidare til Snaufjellet.

Turbeskrivelse

Følg sætrevegen som går opp frå Giskemosaga til den nye Lisetsætra. Hald til høgre i alle vegdele. I skiftet til Amdamsætra er det skilta. Ved husa på Lisetsætra går du opp ei skråning til venstre og inn på råsa. I periodar kan det vere våte parti og litt vanskeleg å krysse Øyagrova tørrskodd når det er stor vassføring.

Kulturminne

På det meste var det 9 sel på Gamle Lisetsetra for gardane Valbøen, Innvik, Nedrevoll, Liset og Lindsetvika. Dei fleste sela hadde fjøs av gråsteinsmur under selet. På stølen nedanfor sela var det slåtteteigar med høyløer lengst nede. I 1952 flytte to av bruka på Nedrevoll ned til den nye Lisetsætra. Dei dreiv kvar sin fjøs her med sel i enden av bygningen. Målet med flyttinga var å få tilgang til veg. I samarbeid med gardane på Amdam hadde det blitt bygt veg opp frå Giskemosaga.Vegen sto ferdig i 1939. Drifta på den nye Lisetsætra heldt fram til 1968.

Adkomst og parkering

Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilta mot Lisetsætra m. fl.

Parkering ved Giskemosaga.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5
Stigning Meter Grader
Total stigning 320 Høydemeter

Spesielle forhold

Turkasse er i muren på det første huset du kjem til. Dette er eit sel med fjøs under.
Snøfritt midt i mai.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Kjellaug Tolaas Høyvik 22
Frank Hanestadhaugen 11
Lars Tore Nerbøvik 8
Arild Holmeide 8
Svanhild Hegerberg 7
Steinar Otto Sjøholt 6
Kristin Joranger 3
Magne Tomren 3
Oddbjørn Viset 3
Marit Sjåstad Sand 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 2
30. oktober 1
29. oktober 2
27. oktober 2
26. oktober 5
25. oktober 1
24. oktober 1
23. oktober 1
21. oktober 2
20. oktober 12

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: