Kamben på Bjørke

Ørsta
128
Besøk
5,3
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Ein lett tur som gir deg fin utsikt når du kjem opp på Kamben. Passar for alle, også som familietur.

Turbeskrivelse

Start ved Bakketunet. Her er det skilta mot Kamben og Leira. Følg skogsvegen knapt 1,5 km. Der skogsvegen sluttar, svingar stien mot venstre. Du kjem til eit stidele der du kan velge å gå til Kamben eller over til Leira. Stien vidare til Kamben er merka. Du kjem om litt opp på myrlendt område. Her kan stien vere litt utydeleg, men sjå deg om etter merking så finn du vegen. På Kamben er det fin utsikt utover fjorden og mot Viddal

Kulturminne

Bakketunet: http://bakketunet.com/

Adkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda mot Hornindal. Like før Kvisvtunnelen tek du av ,mot Bjørke og Viddal. Følg FV41 Bueidsvegen. Du køyrer etterkvart langs eit langstrakt vatn (Raudstadvatnet) og like etter eit mindre vatn (Saursvatnet) og så kjem du til eit kryss. Ta av til høgre på Bjørkegardane. (FV41, Hjørundfjordvegen går ned til Bjørke). Du kjem til nokre gardar/hus, ta 90 grader til høgre like etter eit hus og følg vegen vidare. Du skal køyre ca 1,5 km frå der du tok av frå FV41.

Parkering der turen startar, like før Bakketunet

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5,3
Stigning Meter Grader
Total stigning 330 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Du kan kombinere turen med besøk i Bakketunet (http://www.bakketunet.com/page/default/om_tunet)

Kart

Sunnmørsalpane

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Even Kåre Holte 5
Bente Goksøyr 4
Kåre Johan Yksnøy 3
Solrun Osdal 3
Hedda Tomasgard Melheim 2
Kirsti Gjørvad 1
Mette Ryste 1
Marthe Sommervold Christiansen 1
Svein Brurås 1
Sigrun Vartdal 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. oktober 1
26. oktober 1
24. oktober 2
23. oktober 1
18. oktober 1
17. oktober 1
8. oktober 1
7. oktober 1
5. oktober 2
4. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: