Rundt Litledalsvatnet i Bjørdalen

Ørsta
474
Besøk
3,5
km rundtur
grønn

Kort om turen

Langs vegen står det her og der små figurer. Du passerer også ei eik som var planta som 1000-års tre. Det er fisk i vatnet (krev fiskekort). I heimste enden av vatnet er det mogleg å bade og tenne bål (husk skogbrannfaren).

Turbeskrivelse

Dette er ein lett familietur på ein skogsveg der det også er mogleg med barnevogn, rullestol o.l .Køyr eller sykle til P-plassen i heimste enden av vatnet. Det går ein skogsveg rundt vatnet. Du vel sjølv kva veg rundt vatnet du vil gå. Turen går frå parkeringsplassen på heimsida av vatnet. Valfritt kva side av vatnet du tek. Når du kjem til inste enden av Litledalsvatnet, heng det ein post i Fjelltrimmen 2013 i ei bjørk i vegkrysset.

Kulturminne

Det er rester etter gamle støyler. Så godt som all den planta granskogen i fremste enden av dalen, vart lagt flat av Dagmar i romjula 2011, og er no hogd ut. Dermed får du eit godt inntrykk av korleis terrenget er.

Adkomst og parkering

Køyr eller sykle forbi inste garden i Bjørdalen og til P-plassen i heimste enden av vatnet (UTM 32, Ø: 359250, N: 6891270).

P-plass v/badeplassen i heimste enden av vatnet.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,5
Total lengde rundtur (km) 3,5
Stigning Meter Grader
Total stigning 65 Høydemeter

Offentlig transport

Berre skulebuss i Bjørdalen. Mogleg å ta rutebussen Ørsta - Sæbø og gå av på Bjørdalkrysset..

Spesielle forhold

I inste enden går det ein traktorveg som er starten på stien over Reveskaret til Aurstadsetra og Aurstad i Austefjorden.

Kart

Nordeca-kart 10070 Hjørundfjorden M 1:50.000, ajourført 2012

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Kåre Johan Yksnøy 18
Randi Cesilie Smehus Kringstad 14
Isabell Viddal 12
Guro Liaskar 9
Odd Arne Nilsen 7
Anne Bjørdal 4
Helene Bjørdal 4
Sofie Bergmann Masdal 4
Ida Flæthe Bjørgum 4
Kai Andre Aurstad 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 2
30. oktober 4
27. oktober 4
26. oktober 7
24. oktober 2
21. oktober 1
20. oktober 8
18. oktober 2
16. oktober 2
15. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: