Fantastisk Stikk UT!-oppstart

Sommarsesongen av Stikk UT! 2021 har fått ein start som slår alle tidlegare rekordar. Ein månad etter opninga er det allereie 38 550 deltakarar som til saman har registrert 415 325 turar!

Stikk UT! har blitt det viktigaste folkehelsetiltaket i Møre og Romsdal, som bidreg til betre helse, trivsel, livskvalitet og gode naturopplevingar for ein stor del av befolkninga. Og alle aldersgrupper er med, frå dei yngste til dei eldste. Dette hadde ikkje Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd greidd å få til åleine. 

Dugnad
Stikk UT! er eit gigantisk dugnadsprosjekt, med ein ansvarleg Stikk UT!-person i kvar kommune, som i sin tur får hjelp av hundrevis av frivillige. Det er i hovudsak dei som gjer den praktiske jobben med å sette opp og ta ned skilt og kodar, hjelper til med å bestemme kva for turar som skal vere med kvar sesong, å skrive turforklaringar og å ha oppsyn med turmåla gjennom sesongen.  På vegner av alle turgåarane: Tusen takk til kvar og ein for den viktige jobben de gjer!

Deltaking
Det gode vêret no i starten på sesongen er nok ei av forklaringane på den rekordhøge oppslutninga. Men også at behovet for å kome seg ut på tur er stort etter over eitt år med koronapandemi. I tillegg kjem at stadig fleire har blitt kjent med Stikk UT! og at nesten alle kommunane i fylket no er med. 

Den nye Stikk UT!-appen, som var klar til bruk frå 1. mai, er også ein knallsuksess som gjer det endå enklare enn før å finne fram til turmåla og registrere kodane. Etter berre ein månad er det no dei aller fleste som registrerer turane sine via appen.

Utsett opning
Det er ein grunn til at nokre turar ikkje kan opne den 1. mai. Det kan vere snø, fare for skred eller steinsprang, slitasje på våte stiar eller andre ting. Ein glipp gjorde at den nye appen ikkje fanga opp dette dei første dagane, slik at folk kunne registrere desse turane likevel. Det vart retta på, slik at utsette turar først kan registrerast på den dagen dei opnar. Vi ber alle respektere dette og vente med desse turane til dei opnar. Det kan skje tidlegare enn forventa fordi snøen smeltar fort i det fine vêret. 

To turar, ein i Heim kommune (nr. 104 Liltjvassheia ) og ein i Surnadal (nr. 267 Halskammen), måtte dessverre takast ut av Stikk UT! etter at kartet var trykt. I tillegg er det gjort ei endring på tur nr. 271 i Sunndal, turmålet er ikkje lengre Reinsvatnet men ein spanande ny tur langs Jernbanestrekninga Holbudammen- Toppheis. Men appen og nettsida stikkut.no blir jamt oppdaterte med turmål og opningsdatoar.

Skuggesider
Med så mykje folk ute på tur rundt om i heile fylket, oppstår det også nokre problem. Slitasjen på våte naturstiar aukar og parkeringsplassar blir somme stader for små. Vi får meldingar om parkerte bilar som blokkerer vegen til privathus og gardsbruk, og parkering på dyrkamark. Vi høyrer også om folk som køyrer fram til turkoden der det er råd, om forsøpling og hærverk. 

Alt dette er med på å undergrave, og i verste fall, øydelegge Stikk UT!. Vi oppmodar alle om å ta omsyn til kvarandre og dei som bur ved turmåla: Les turforklaringa og parker som forklart der. Er der fullt? Vent med denne turen til seinare. At velvillige grunneigarar seier ja til Stikk UT!-tur på sin grunn er ingen sjølvfølge, og mange vil endre meining om det berre fører til problem for dei.

Sporlaus ferdsel
Ute i naturen er det ikkje renovasjon. Alle må derfor ta med eige søppel heim, gjerne også etter andre. Ta omsyn til dyr-, plante og fugleliv, husk å late att alle grinder, hald hundar i band og smil og hels på andre du møter. Berre fotspor skal vise att etter oss – og dei gode opplevingane tek vi med heim.

God tursesong til alle!

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: