Stikk UT! er årets regionbyggar i fylket

Stikk UT! har fått prisen Årets regionbyggar 2020! Prisen vart delt ut av fylkesordfører Tove Lise Torve under Nyttårskonferansen 13.01.21. 

–Stikk Ut! har bidratt til å gjere innbyggarane i fylket kjende med, og stolte av sitt eige fylke. Det er eit tilbod for alle i Møre og Romsdal, uavhengig av geografi, alder og sosiale forhold. Med nesten ein million registrerte turar i 2020, er Stikk Ut! eit viktig folkehelsetiltak, sa fylkesordførar Tove-Lise Torve under utdelinga. 

Årets regionbyggar er ein heilt ny pris, som i ettermiddag vart den delt ut for aller første gong under Nyttårskonferansen. 

- Å få denne prisen er ei anerkjenning av at arbeidet friluftsråda gjer er viktig og gjer ein skilnad i liva til folk, seier leiarane i Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Anne Berit Støyva Emblem og Ola Fremo. Dei er stolte og glade for prisen, og understrekar at Stikk UT! er eit stort dugnadsprosjekt:

- Prisen må vi dele med dei vi samarbeider med for å lykkast med Stikk UT!: Medlemskommunane, morotur, dei frivillige og grunneigarane. Å få tildelt regionbyggarprisen i fylket er ei stor glede som motiverer og inspirerer til vidare arbeid og samarbeid både i Stikk UT! og i anna friluftsarbeid.

Dei meiner at dei gode naturopplevingane og det å oppdage turmål ein ikkje visste om, er ein viktig årsak til suksessen:

- Det å vere på oppdagarferd og bli betre kjent i eige fylke, at deltakinga er gratis, open for alle og at det er enkelt å bli med. At turane er godt beskrivne, stiane er skilta, og det er tilrettelagt for parkering, meiner dei er avgjerande. Det same er variasjonen i vanskegrad som gjer at alle finn turar dei klarer. Digital registrering av turane er ein ekstra motivasjonsfaktor for mange. Hyggelege møte med andre turgåarar og nye vennskap er også viktig. Og det er ein suksessfaktor at mange arbeidsplassar er med i Stikk UT! Bedrift: Det har skapt auka samhald og fellesskap med kollegaene – å prate om turane i lunsjen er ein trivselsfaktor – og turgåing gir betre fysisk og psykiske helse for dei tilsette.

Dei er stolte av at Stikk UT! ikkje berre bidreg til betre folkehelse, men også er ei samlande kraft i fylket: - Stikk UT! bidreg både til nærings- og samfunnsliv, rekruttering, betre folkehelse, bulyst og livsglede. Turtrimmen er med på å skape positiv identitet og stoltheit over å høyre til her. Naturen er ein viktig faktor for mange og eit trekkplaster for mange som bestemmer seg for å flytte hit. Innbyggarane som er med på Stikk UT! får kjennskap til deler av fylket som dei kanskje ikkje hadde gjort utan Stikk UT!. Og denne kjennskapen på tvers av kommunegrenser er svært viktig. Vi bidrar til ein felles tur-identitet i Møre og Romsdal, seier Anne Berit Emblem i Sunnmøre friluftsråd og Ola Fremo i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: