Warning: file_get_contents(https://mrfylke.no/ezflow_mrfylke/routejson/1237): failed to open stream: HTTP request failed! HTTP/1.0 404 Not Found in /var/www/www.stikkut.no/site/stikkut/db/route.inc on line 305
Storsetra

Storsetra

Surnadal
NB! Denne turen inngikk i Stikk UT! 2018.
Se turer fra Stikk UT! vinter 2020/2021 her »
blå

Kort om turen

Storsetra ligg høgt og ope til med utsyn over Stangvikfjorden og Breifjorden. Særleg er nedturen herifrå, med skiftande panorama over vakre fjordar og fjell, ei stor oppleving. Ruta er ganske bratt, med går til gjengjeld etter grusveg og relativt tørr sti. Dette turmålet passar like godt til ein familietur som til ein trimtur på ettermiddag.

Turbeskrivelse

Ved plassen du parkerer, skrår det seg ein grusveg oppover på høgre side av vegen. Gå ca. 300 meter oppover denne vegen før du svingar inn på ein sti på høgre side. Denne følgjer du oppover og fram til Storsetra. Frå startpunktet nede ved fjorden er dette ei strekning på ca. 2,2 km. Du kryssar to skogsvegar undervegs. Når du kjem til den først, Stangviklivegen, går du utover ca. 100 meter etter denne før du svingar inn på stien på øversida av vegen. Ved den andre vegkryssinga følgjer du stien rett oppover, men tek av til venstre der vegen deler seg rett etterpå. Ei alternativ og flatare rute fram til Storsetra er å gå utover Stangviklivegen, ein skogbilveg som går langsetter lia i Stangvika. Du køyrer da opp Lerbruvegen og kryssar Prestelva ved Lerbrua. Køyr vidare rett fram og ta av til venstre inn på ein sideveg som fører tilbake til Prestelva igjen. Her finn du det kommunale vassverket på høgre side. Ved vassverkhuset finn du også ein parkeringsplass der du kan parkere. Gå rundt bommen og inn på skogsvegen. Gå så utover til du støyter på merkinga til stien opp frå Rønnan, eller følj skogsvegen heilt fram til setra. Du må da berre fortsette etter skogsvegen og ta inn på andre avkøyrsle til høgre etter at stien frå Rønnan kryssar vegen.

Adkomst og parkering

Frå krysset ved fergeleiet på Kvanne køyrer du utover mot Stangvika, ca. 6,5 km. Eit stykke etter at du har passert den nedlagte Stangvik aldersheim, rett før du på øversida har det ærverdige «gullgravarhuset» Rønnan, skrår det seg ein grusveg opp på høgre side av vegen. Her parkerer du på lunningsplassen på nersida av vegen.

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,4
Lengde en vei (km) 2,2
Stigning Meter Grader
Total stigning 374 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Vær varsom

Vær ekstra forsiktig på tur om vinteren. Kulde og mørke kommer raskt så vær forberedt på dette. Kle deg etter forholdene, og ta med ekstra klær og lykt. Bruk gjerne brodder og staver på isete underlag. Ta hensyn til vær og føre, de aller fleste vinterfotturene blir ikke strødd eller brøytet, så du må selv vurdere når turene er egnet å gå. Du har selv ansvar for egen sikkerhet på tur.

Spesielle forhold

Du kan laste ned turkart over området her: http://www.ilsoya.no/blog/post/88947/nytt-kart-for-sommerturer.?ispage=false. Dette kan det vera kjekt på ha med seg på telefonen sin.

Du kan i løpet av turen støyte på dyr på beite. Sørg for at du lukkar alle gjerde du opnar på turen.

Viss det er full aktivitet på lunningsplassen vi her har oppgitt som parkeringsplass, kan du også parkere nedanfor den nedlagte aldersheimen.

Kart

Friluftskart for Surnadal

Flest besøk 2018

Navn Besøk
Monika Nes 65
Tore Gjul 29
Anne Grete Kvendset 15
Gretha Varvik 12
Emma Varvik 9
Mildrid Maalen 8
Sveinung Gjønnes 7
Aase Bjørnstad 6
Magne Hansen 5
Palmar Brennskag 5

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. oktober 5
27. oktober 2
26. oktober 3
21. oktober 3
20. oktober 2
19. oktober 3
18. oktober 1
17. oktober 1
14. oktober 4
13. oktober 3

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: