Aukra kyststi, Gossen

Aukra
4584
Besøk
2,41
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Om du vil oppleve kysten og gå på tur nær havet er dette ein fin tur for deg. Frå kyststien er det fin utsikt mot Bjørnsund og Bud. Turen er fin å gå både i ruskever, når båra slår mot land og i finver. På høgsommar kan ein sjå sola gå ned i havet. I området rundt kyststien er det mange gravrøyser. Ein går også forbi ei skytterstilling frå krigen. 

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplass i Årgårdsvika. Følg grusvegen nedover. Når vegen deler seg går du rett fram, ned mot sjøen. Stien svingar mot høgre når du kjem ned. I starten av stien går ein forbi "Næsja" der båten gjekk over til Rindarøya før moloen kom. Stien snor seg gjennom kystlynghei og etter ei lita stund kjem ein til Sandvika, ei lita perle av ei sandstrand. Følg grusa sti til enden, om lag ein km. Det er fleire benkar og benkebord langs vegen. Kyststien endar ved Komedantholmen kor det også stårr eit benkebord. 

Kulturminne

Gravrøyser og skyttarstilling.

Adkomst og parkering

Frå fergekaia på Aukra følgjer du hovudvegen rett fram til Falkhytten. Sving til venstre i krysset, følg skilting til Rindarøya. Etter om lag 8 km skal du kjøyre rett fram i ein skarp venstresving. (Hvis du kjem ned mot moloen til Rindarøya, har du kjøyrt for langt)
Det er ein stor parkeringsplass i Årgårdsvika, om lag 200 meter fra starten av turstien.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,2
Lengde tur/retur (km) 2,41
Lengde en vei (km) 1,20
Stigning Meter Grader
Total stigning 10 Høydemeter

Offentlig transport

Det er svært få bussavgangar til denne delen av Gossen. Om du må ta buss, sjå Fram sin App.

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Are Breivik 95
Roy Småge 92
Frank Harald Fosse Vestad 92
Kjell Egenes Ilestad 91
Gunn Kari Ilestad 90
Wenche Nesje 90
Kristin Mordal 81
Terje Reidar Ilestad 78
Tove Mette Vestad 71
Hilleborg Maurset 70

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. september 29
26. september 21
25. september 11
24. september 10
23. september 24
22. september 6
21. september 5
20. september 7
19. september 32
18. september 11

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: