Utom fjellet, Skjonghellaren

Giske
6476
Besøk
3,4
km tur/retur
grønn

Kort om turen

«Utom fjellet» er ein flott turveg langs vestsida av Valderøya, med godt utsyn mot storhavet og horisonten. Med Skjonghellaren som eit svært spennande turmål i seg sjølv.

Vegen er litt småkupert og går gjennom eit typisk kystlandskap med storhavet og horisonten i vest og bratt terreng, ur og sjøklipper i aust. Havet har forma fleire hellarar i klippepartia. Vegetasjonen er dominert av kystlynghei, eit ope landskap med lyng, einer og våte områder.

Med barnevogn eller rullestol er dette ein tur/retur på 3,4 km

Turbeskrivelse

Frå Ytterland går du mot  Valdervoll stadion. Derfra går det ein turveg nordover med fast grusdekke langs vestsida av øya.Det er benkar og rasteplassar langs vegen. Det er om lag 700 meter til der stien går opp til Skjonghellaren. Men turvegen går heilt fram til Stølen. Dit er det ca 1,7 km og 3,4 km tur/retur. Ved starten av turen (Valdervoll stadion) er det to toalett i klubbhuset til idrettslaget som har inngang frå utsida og som er opne for publikum heile døgnet heile året. Dette etter avtale med Giske kommune.

Kulturminne

Skjonghellaren er ein stor hellar som det har vore gjort arkeologisk utgraving i. Og informasjon om hellaren står i ei informasjonstavle ved stien opp til hellaren. Det er relativt god sti opp til hellaren, med eit lite parti over ei relativ enkel kort ur. Denne stien er ikkje tilrettelagt for rullestol, og krev at ein har litt balanse.
Det er elles mange gravhauger frå bronse-og jernalder som ikkje alle er like godt synlige. Sjekk www.kulturminnesok.no for meir informasjon

Adkomst og parkering

Med eigen bil parkerer ein ved Valdervoll stadion. Næraste buss-stopp er Ytterland.

Parker ved senteret/hotellet på Ytterland. Det er her startpunkt for turen er sett. Alternativt kan ein parkere ved Valdervoll stadion, men ver oppmerksam på at her kan vere fullt dei dagane det er arrangement. Ingen avgift.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,4

Offentlig transport

Buss stopp på Ytterland. www.177mr.no

Kart

Turkart for Ålesund

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Lars Nilsson 148
sissel Rørvik Varhaugvik 138
Gajendran Visvaligam 102
Hildegunn Storelv 100
Per Kristoffer Larsen 90
Inger Lise Storheim 82
Karl Petter Bjørge 74
Roar Rekdal 68
Monica Skjong 67
Tone Yttri Synnes 62

Besøkslogg

Dato Antall besøk
25. september 16
24. september 14
23. september 24
22. september 10
21. september 12
20. september 31
19. september 21
18. september 15
17. september 23
16. september 25

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: