Fagerlihøgda

Gjemnes
478
Besøk
4,4
km tur/retur
blå

Kort om turen

Ein ganske kort tur, med flott panoramautsikt frå toppen. Turmålet ligg ved eit trigonometrisk punkt på den nordlege enden av Fagerlihøgda. Her er det postkasse med turbok.

Turbeskrivelse

Frå skisenteret på Fagerlia følgjer du skogsvegen opp til Høgberget hyttegrend så langt denne går. Ta så av oppover i skogen ved skilta sti til høgre. Etter 500-600 meter kjem du over skoggrensa, og siste del av turen går stort sett på snaufjell. Det er noko myrlendt i første del i skogsterrenget. Frå toppen er det to andre alternative ruter ned att. Følg merka sti vidare over høgda og ned i Fagerliskaret. Herifrå kan du gå ned skogsvegen til Fv291 ved Bytbekken, om lag 1,5 km nærare Flemma frå der du starta (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-fraa-Bytbekken), eller følgje høgda over mot Flemseterfjellet og ned til Fv291 ved Flemsetra, om lag 3,5 km nærare Flemma (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Fagerlihoegda-om-Flemsetervatnet). 

Adkomst og parkering

Turen startar ved parkeringsplassen til Fagerlia skisenter.

Frå Heggem / Angvik (FV665) tek du av inn på Fv291 mot Flemma. Køyr opp bakken, og du finn parkeringsplass på venstre hand i det det flatar ut (om lag 750 meter etter krysset).

Frå Flemma er det om lag 7,4 km frå sjøen og opp til skisenteret (frå krysset mellom FV666 og FV291).

Parkeringsplassen ved Fagerlia skisenter.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,4
Lengde en vei (km) 2,2
Stigning Meter Grader
Total stigning 246 Høydemeter

Kart

Norge-serien, Kristiansund.

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Gudny Engen Aspås 12
John Aspaas 11
Karin Flemsæter Angvik 10
Ola Indergård 10
line lingen 8
Sigrid Anne Heggem 6
Kirsti Angvik 6
Trygge Holten 5
Geir emil Angvik 4
Bernt Angvik 4

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. september 1
28. september 5
27. september 16
26. september 5
25. september 1
24. september 1
22. september 1
21. september 1
19. september 1
17. september 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: