Remmevegen Hildre

Ålesund
1971
Besøk
10,60
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Denne turen er ein veldig fin tur for store og små. Langs vegen kan ein pårekne å sjå mykje dyreliv, både domestiserte dyr og ville. Er ein riktig heldig kan ein sjå havørna som siglar over himmelen. 

Turbeskrivelse

Ein kan velje om ein vil starte turen frå Hildre eller frå Gamlem, eller på midten frå Risneset. På Risneset finn ein ei informasjonstavle. Ingen vanskelige eller bratte parti, og det er ikkje vanskeleg å følgje vegen dit ein skal, sjølv om det er mange gardsvegar som kryssar stien. Det er fint heile året, og du kan gå med joggesko. Vegen er gruslagt og tørr heile vegen. Ikkje spesielt tilrettelagt for menneske med funksjonsnedsetting, men det er lett framkomst grunna den gode kvaliteten på vegen. Det er bru over ei elv som kryssar vegen, ho har ikkje rekkverk og er ganske smal. Elva er ikkje djup. Turkassa står like ved trelavvoen som er open for alle.


Det er kort veg ut til Bjørnøya frå Gamlem, med kystfortet frå andre verdskrig. I andre enden er det lett adkomst til Hildredalen, som gir mange turmoglegheiter. Langs Remmevegen er det sett fram rastebenkar med bord, samt ein gapahuk som er open for alle. I enden ved Gamlem finns ein dam, kor det er skeissebane om vinteren dersom forholda ligg til rette. Ved godt snødekke er det skiløyper langs Remmevegen om vinteren, men snøen ligg diverre ikkje så lenge i området. På Risneset finn ein ei flott sandstrand med fine bademoglegheiter, og på Brendehaugen er det sett fram benk på utkikkspost.

Kulturminne

Langs heile vegen er det sett opp informasjon om gamle stadsnamn og historier knytt til desse namna og gardane som ligg der.

Det er kort veg ut til Bjørnøya Kystfort.

Adkomst og parkering

Ein kan ha start frå Gamlem (62.576017, 6.272367) eller Hildre (62.601782, 6.332721). Det er også parkeringsmoglegheiter på Risnes, midt mellom startstadane.
Ingen bompengar.
Du må gå fram og tilbake.
Bruk dei offentlege parkeringsplassane på Hildre eller Gamlem. Dei er gratis. Parkering ved private eigedommar/gardstun er IKKJE greit, og det er heller ikkje lov med bil eller motorsyklar på turvegen !

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 10,60
Lengde en vei (km) 5,30
Stigning Meter Grader
Total stigning 47 Høydemeter

Offentlig transport

Rutebuss i Haram.
Fjord1 rute nr. 231

Spesielle forhold

Helselaga Gamlem og Søvik arrangere Hjartemarsj langs vegen kvart år. Ein må pårekne å møte hesteekvipasjar langs vegen, då det er ein tur- og ridesti. På vegen ligg også stallanlegget Stall Stene og fleire fjøsanlegg. Dei ulike gardane har forskjellig drift, og ein kan rekne med å møte mange ulike dyreartar som kan vere spanande for dei minste å sjå. Dersom ein har hund må ein ta omsyn til at stien er mykje brukt av store og små, og at det går dyr utandørs heile året. Hald difor hunden i band.

Kart

Treng ikkje kart

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Veronica Hurlen 145
Joakim Hurlen 143
Toril Gamlem 57
Vebjørn Helland 56
Emilie Hurlen 47
Elsebet Bjørnøy 26
Lidvar Bjørnøy 24
Olga Borgen 23
Ann Kristin Mathisen Johnson 20
Tove Hege Farstad 19

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. september 1
28. september 7
27. september 21
26. september 11
25. september 8
24. september 4
23. september 12
22. september 3
21. september 5
20. september 9

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: