Sandan, (Hamnaneset) Midøy

Molde
3088
Besøk
2,34
km rundtur
grønn

Kort om turen

På Sandane er det ei fin badestrand og rasteplass. Ute på Hamnaneset ligg Stikk UT!-posten, og eit flott utkikkspunkt der du ser fra Nordøyene i vest, til Aukra i aust. Søraust for riksvegen finn du Bjøreremshellaren, der det er funne spor etter dei første Romsdalingane. Ca 200 meter mot sørvest fra parkeringsplassen, finn du riksgrenserøysa, som tidlegare var riksgrense mellom Sverige og Danmark.

Turbeskrivelse

Fra parkeringsplassen startar turstien ned mot Sandane, der du finn ei kjempefin sandstrand til bading på fine sommerdagar, og mange spennende småkryp i fjæra resten av året. I nordenden av bukta ligg ein fin rasteplass med grillmoglegheiter. Ved rasteplassen delar stien seg i to. Velger du å ta til venstre, går stien først gjennom ei sprekke/kløft i berget. Her kan du ikkje passere med vogn eller rullestol. Du må da velje andre vegen for å kome ut til posten. Etter kløfta, slynger stien seg fint i terrenget utover Hamnaneset og ender ytterst ved eit fint utkikkspunkt. Her finn du Stikk UT!-posten. Det er satt ut fleire benkar langs med stien. Går du den andre vegen tilbake, vil du gå langs med nokre holmar der det frå gamalt av var ei lun jektehamn. Etter kvart kjem du til Nørdre Sandan. Har går stien tilbake til rasteplassen der stien delte seg på tur utover. Dersom ein følgjer stien vidare aust-/nordover ved Nørdre Sandan er her opparbeidd ein fin sti som går vidare til Kjelsvika og endar opp på Bjørnerem. Ein kan og gå ca 150 meter tilbake langs riksvegen til skilta sti opp mot Bjørneremshellerane.

Kulturminne

Ca 200 meter mot sør frå parkeringsplassen langs riksveien finner en riksrøysa, tidligere riksgrense mellom Sverige og Danmark og som delte Midøya og videre innover i landet mellom disse to nasjonene.

Sør-aust for fylkesvegen er det skilta mot Bjørneremnshellerane. Hellarane har vesentleg blitt danna ved utgraving av brenningane frå sjøen etter loddrette sprekker i fjellet. Her er det funne bein-restar av dyr, fugl og fisk og reiskapar av bein, stein og leire. Det vart og funne eit ribbein av eit menneske. Ein fann og restar av skjelett frå ein bjørn. Funna daterar seg til folkevandringstida, ca. 500 e.Kr. og tyder på at dei første romsdalingane truleg budde her.

Adkomst og parkering

Turen starter ved en stor parkeringsplass på Sandan, på nedsida av fylkesvegen.

Løype på kart

Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 2,34
Stigning Meter Grader
Total stigning 41 Høydemeter

Offentlig transport

Buss: Lokalrute 230 Dryna - Midsund - Molde

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden

Flest besøk 2020

Navn Besøk
annbjørn rakvåg 106
Marta Rakvåg 76
Knut Raknes 65
Marit Nancy Rakvåg 61
Karstein Blø 52
Olaug Karin Godø 50
iren nordal 47
Gunn Lech 45
Anders Brandsæter 44
Annette Halvorsen 44

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. september 10
28. september 14
27. september 46
26. september 13
25. september 13
24. september 9
23. september 13
22. september 12
21. september 5
20. september 15

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: