Slette, Eikesdalen

Molde
658
Besøk
5,62
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Du er inst inne i Eikesdal på Finnset. Her opplever du eit kulturlandskap langs ein idyllisk traktorveg i ein trang dal med steile fjellveggar. Om våren og tidleg sommar brusar elva forbi og fossane kastar seg brølande utfor i ville kvite kast. Fossen Brudesløret er fantastisk. Rett under den ligger ein gapahuk. På kartet heiter fossen Slættabekken


 

Turbeskrivelse

Du starter frå Finnset i Eikesdal, i enden av Fv191. Frå parkeringsplassen utanfor gardstunet følger du traktorvegen innover den trange dalen. Passerer eit bolighus på venstre hand og deretter gjennom ei grind. Husk å lukke den etter passering. Du følgjer denne flate og idylliske vegen heilt fram til Slette og gapahuken under fossen som blir kalla Brudesløret. Den flate vegen innover er berre avbrote av nokre få mindre bakkar. Tidleg på våren og sommaren beiter det sau i området. Vegen går også forbi gigantiske store steinblokker. Ligger som tause vitner og bevis på naturkreftene her inne. Nokon eldgamle. Andre av nyare dato. Dei siste store steinblokkene du passerer kom i 2016-2017. Du ser gapahuken rett under den flotte fossen Brudesløret. (På kartet Slættabekken) Du kan også bruke sykkel inn til Slette.

Kulturminne

Heile området frå Finnset og innover mot Aurstupet er eit kulturlandskap med rik flora og fauna.
Aurstupet er ein skjult foss inneklemt inst inne i dalen og er ein del av elva Aura. Som følgje av Aura-utbygginga på 1950-tallet (kraftutbygging) er elva tørrlagt det meste av året.
Etter ca 2,4 km ved ein bratt bakke opp er du i Hissura. Her ved elva er det to gamle bru-kar. Segna fortel at ein fredelaus mann som heitte Per-Nils skal ha hoppa over elva her for å sleppe unna «mannhysingen» som var etter han. Derfor har staden fått namnet Per-Nilse spranget.
Brua som før stod her vart bygd for for at folk og krøter skulle kunne utnytte naturresursane på andre sia av elva. (Ref. «Til Eikesdalen» av Bjørn Austigard 1991)

Adkomst og parkering

Du køyrer til Eresfjord via Rv660 og vidare langs Eikesdalsvatnet Fv191 til Eikesdal og heilt opp til Finnset, inst inne i Eikesdalen. Ta til venstre over brua på Finnset og vidare rett forbi gardshusa. Der er det parkeringsplass.

Ved gardstunet på Finnset.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5,62
Lengde en vei (km) 2,81
Stigning Meter Grader
Total stigning 85 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Heile området frå Finnset og innover mot Aurstupet er eit kulturlandskap med rik flora og fauna.
Aurstupet er ein skjult foss inneklemt inst inne i dalen og er ein del av elva Aura. Som følgje av Aura-utbygginga på 1950-tallet (kraftutbygging) er elva tørrlagt det meste av året.
Etter ca 2,4 km ved ein bratt bakke opp er du i Hissura. Her ved elva er det to gamle bru-kar. Segna fortel at ein fredelaus mann som heitte Per-Nils skal ha hoppa over elva her for å sleppe unna «mannhysingen».

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Egil Talstad 4
Monica Nerland Talstad 4
Øyvind Lillebostad 3
Reidar Johansen 3
Mathias Øvrebø 2
Arne Johannessen 2
Emmy H. Skjerså Oppigård 2
Paula reitan Lie 2
Turid-Iren Drønnesund 2
Anne Lise Gjelsten 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
20. september 4
19. september 2
10. september 1
6. september 2
5. september 2
1. september 2
30. august 1
29. august 4
28. august 2
26. august 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: