Bedringens veg i Valldal

Fjord
4431
Besøk
1,88
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Enkel og fin tur på gruslagt turveg langs elva Valldøla i Valldal sentrum (Sylte). Det er fleire rastebenkar undervegs. Kan kombinerast med turvegen Strandpromenaden langs fjorden til Muritunet.

Turbeskrivelse

Turen startar på Sylte som er namnet på sentrum i Valldal. Gå over brua, Muri bru, som kryssar elva Valldøla. Med ein gong brua er passert hald til høgre oppover langs elva, ved bustadblokk og gammal fabrikkbygning. Etter omlag 100 meter, ved skogkanten, startar Bedringens veg. Skilta. Følg denne til neste bru over elva, Muribø bru. Her endar Bedringens veg. Ta same veg tilbake. Det er ingen vanskelege eller farlege parti undervegs. Vegen går langs campingplass og jordbæråkrar. I raftingsesongen om sommaren kjem det gjerne raftingflåtar nedover elva med latter og hojing.


Turen er svært lett og passar for alle, både funksjonsfriske og funksjonshemma, unge og eldre. Godt og stødig underlag i form av grus. Breidde på trasèen er ca 1,5 meter. Dette er ein "tur-retur" tur. Turen kan gå vidare frå Muribø bru på bilveg med asfalt. 


Bedringens veg fekk i 2014 status som helseløype, då vegen vart rusta opp med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.


Ein kan halde fram turen nedover langs elva på andre sida av hovudvegen for startpunktet dette er Strandpromenaden. Kryss vegen og følg elveosen nedover, forbi Valldal Fjordhotell og vidare utover i strandkanten til Muritunet og badeplassen på Muri. Leikeplass ved Muritunet. Strandpromenaden er asfaltert.

Adkomst og parkering

Parkering på offentleg parkeringsplass ved servicebygg ved småbåthamna.
Turistinformasjon og gatekjøkken i bygget. Like ved Muri bru. Inga avgift.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,9
Lengde tur/retur (km) 1,88
Lengde en vei (km) 0,94
Stigning Meter Grader
Total stigning 18 Høydemeter

Offentlig transport

Buss:
Ålesund - Valldal sentrum.
Åndalsnes - Valldal sentrum (sommarrute)
Ferge:
Turistferge Geiranger - Valldal (sommarrute)
Sjekk rutetider på www.fjord1.no

Spesielle forhold

Turen er godt egna for personar i rullestol. Også muleg for personar avhengig av krykker, rullator, o.l.
Kan også brukast om vinteren, men er mindre tilgjengeleg ved større snøfall. Vert ikkje brøyta.

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Kari Margrethe Ulvestad 84
Trude Karin Groven Grøtta 76
Grete Lien Jensen 66
Ingrid Dyb-Sandnes 52
Camilla Sørheim 36
Lene Kristin Nybråten 27
Lise Oshaug 24
Elida-Mari Kemi 22
Monica Olsson 21
Tove Bjørkevoll Lundbø 21

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. september 2
17. september 9
16. september 4
15. september 3
14. september 5
13. september 16
12. september 9
11. september 11
10. september 10
9. september 16

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: