Kjellsura i Dale

Fjord
268
Besøk
4,08
km rundtur
grønn

Kort om turen

Dale og Kjellsura er eit flott og fredeleg turområde som er mykje brukt av bygdefolket. Post-steinen i Kjellsura er ein kort og lett tilgjengeleg tur og du kan starte frå fleire punkt i bygda. Denne omtalen har startpunkt på den gamle prestegarden fremst i bygda, på Engeset/Innset. 

Turbeskrivelse

Turen startar på den gamle prestegarden ved Engeset/Innset. Her kan du parkere på venstre side av stabburet. Du startar med å gå austover, tilbake over brua mot Fossheim. I dette krysset går du grusvegen som passerer på oppsida av husa på Fossheim. Hald fram på denne vegen, som går slakt nedover i idylliske omgjevnader, til du har passert ei hytte på venstre hand. Om lag 150m etter hytta vil du finne ei grind på høgre hand, merka med "Dikksteinen". Her passerer du igjennom, og no går turen vidare på rås i brattare terreng. Området her er eigentleg ei stor og gammal ur, med store kampesteinar. Det har også vore beitemark for hest, sauer og geiter, men det er lite dyr i området no. Dei store bjørketrea i Kjellsura i Dale har ei noko spesiell form, sidan det i tidlegare tider vart lauva i området. Bjørkeriset tørka dei og brukte til vinterfòr til dyra. Ura er eit flott område for ungar å leike i sidan det både er gode klarte/buldre-moglegheiter og mange fine gøymeplassar. Frå grinda går du ganske rett opp i om lag 200m. Råsa er merka med kvite D-ar. Posten er ved fleire store steinar. Fin utsikt til fjella omkring, men lite utsyn mot fjorden, sidan det er mykje stor bjørkeskog. For å få betre utsikt over bygda, kan du returnere til grusvegen der du svingar til høgre mot Dale. Her får du eit godt utsyn over bygda og fjorden. No kan du anten returnere same veg til prestegarden, eller alternativt kan du gå ein rundtur. Då kan du halde fram på asfaltveg gjennom tuna i Dale. I Dale kan du besøkje både Tonga gardsbryggeri og Dale gruvemuseum når dei held ope. I krysset ved hovudvegen, kan du anten ta til venstre og følgje bygdevegen om lag 1,5km fram til Prestegarden att, eller gå mot fjorden og rundt heile bygda.   

Adkomst og parkering

Frå ferjekaia i Eidsdal køyrer du først mot Norddal, ca. 5km. Ved Nærbutikken tek ein til høgre framover i bygda og køyrer i om lag 2 km før ein tek til høgre over ei bru. Du finn den gamle prestegarden, som også har vore kloster, på høgre hand rett etter brua. Her kan du parkere på venstre side av stabburet.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 2,7
Fast grus 1,2
Total lengde rundtur (km) 4,08
Stigning Meter Grader
Total stigning 207 Høydemeter

Offentlig transport

Offentleg transport normalt ikkje tilgjengeleg. Skulebuss passerer Fossheim morgon og ettermiddag.

Spesielle forhold

Kjellsura er spesiell mykje grunna dei store steinane som har kome ned i eitt ras for nokre tusen år sidan. I tidlegare tider vart området nytta til lauving, for å skaffe ekstra mat til dyra. Dei store bjørkene i området ber preg av dette, då dei har ein tjukk stamme nederst, som så deler seg i mange greiner. Det er også knytt ei segn til Kjellssteinen, ved grusvegen mot Dale. I Dale finn du det nye gruvemuseet i bygda, og du kan også stikke innom Tonga Gardsbryggeri og Silo'n pub.

Kart

Turkart for Norddal

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Liv Marit Nystad 18
Kjetil Linge Dale 15
Ingunn Linge Valdal 15
Torleif Linge Dale 15
Ole Magnus Melchior 14
Kari Elisabet Løvoll Dalhus 7
Wenche Kristin Relling 4
Unni Bjørnstad Hjelle 4
Synnøve Dalen 3
Nils Haugseth 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. september 2
16. september 2
7. september 1
6. september 3
5. september 6
3. september 1
30. august 4
29. august 3
26. august 1
25. august 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: