Svinvikrunden, Svinvika

Surnadal
1868
Besøk
4,58
km rundtur
grønn

Kort om turen

Denne rundturen går etter gammelvegane inn til Todalen. Her kan dei store la seg fascinere av den fantastiske utsikten eller det sparsommelege rekkverket som før verna trafikken mot stupa nedanfor vegen. Barna vil kanskje bli like begeistra over lamaane som beitar på ekrene i Svinvika.

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplassen på øversida av vegen ved Svinviks arboret. Herifrå følgjer du den skilta vegen inn i skogen og skrår deg opp- og innover lia. Dette er den eldste bygdevegen innover mot Todalen. Det er stigning det første stykket, sidan flatt og nedovebakke. På nedturen kjem vegen du følgjer, inn på ein grusveg som går opp til Hjellnes. Denne vegen følgjer du vidare nedover ned til gammelvegen (asfaltert) til Todalen. Ta til høgre og følg gammelvegen langs sjøen tilbake til Svinvika.


Etter spaserturen kan heile familien nyte ein visitt om i dei mange stemningsfulle stiane i Svinviks arboret - før kanskje turen endar på kafeen i arboretet, som er open i sommarsesongen. Her blir dei besøkjande møtt med dufta av fersk heimebakst i døra - arboretet sine eigne spesialitetar med bruk av råvarer frå eigen produksjon.

Kulturminne

I Svinvika møtest vegar frå tre århundre. Du kan gå ein rundtur opp om den eldste gammelvegen, og tilbake langs sjøen etter den «nyaste» gammelvegen. Den eldste gammelvegen inn til Todalen er svært smal og snor seg høgt oppe i lia, og fortel om veg- og trafikkforhold som hadde vore utenkjelege i dag. Vi ser støttemurar, stabbestein og anna autovern frå tida vegen var i bruk.

Adkomst og parkering

Ved parkringsplassen ved Svinviks arboret.

Inga parkeringsavgift, men hugs pengar til inngangsbillett dersom du har tenkt deg inn i arboretet.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 2
Total lengde rundtur (km) 4,58
Stigning Meter Grader
Total stigning 128 Høydemeter

Offentlig transport

Det går få bussar inn til Todalen, så her lønner det seg å satse på privatbil.

Spesielle forhold

Det er open både kafe og toalett ved arboretet i sommarsesongen. I arboretet er det dessutan ca 1,5 km med stiar rundt om i den botaniske hagen. Stisystemet er ei oppleving i seg sjølv, og du treng ikkje prøve å peile inn veka da «alt» blomstrar, for her står noko i blomstring heile tida. Arboretet er nok mest kjent for sine mange, vakre rododendron, men det er også mange andre planteartar å sjå i hagen.

Kart

Ikkje nødvendig

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Ingri Bruset 103
Alf Magnus Berg 51
Inger Marie Berg 51
gerd ingrid berg 51
Inger Nordby 39
Kristian Harstad Gjeldnes 36
Gudmund Olver Svendsli 34
Sigmund Finnøy 30
Ragnhild Ansnes Moe 29
Kari Margareth Kvendset 26

Besøkslogg

Dato Antall besøk
1. oktober 1
30. september 3
29. september 8
28. september 5
27. september 13
26. september 3
25. september 2
24. september 6
23. september 7
22. september 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: