Torviksetra, Torvika

Surnadal
NB! Denne turen inngikk i Stikk UT! 2020.
Se turer fra Stikk UT! vinter 2020/2021 her »
blå

Kort om turen

Turen til Torviksetra er å anbefale av fleire grunnar. Turmålet ein idyllisk setervoll med fleire eldre bygningar. Det er også eit flott utsiktspunkt med utsyn mot blant anna Kjergroneset, Vargøya, Bølia og Tussan. Dei mange svingane oppover lia gjer dessutan at denne setervegen ikkje er så bratt som mange andre liknande vegar på våre trakter. 

Turbeskrivelse

Etter at du har parkert på nersida av vegen, går du oppover vegen som tek av rett på øversida, forbi sandtaket og gjennom hyttefeltet. Fortsett oppover skogsvegen. Eit godt stykke oppi lia flatar det litt ut og du passerer eit par eldre bygningar. Rett etter desse tek du av til venstre i skilta retning innover lia. Vegen deler seg igjen straks etter at du har teke av frå skogsvegen. Her må du halde til høgre. Denne stien fører deg forbi Gammelseterstølen og kortaste veg opp mot Torviksetra.


Viss du ikkje tek av frå skogsvegen når du passerer dei nemnte bygningane, vil du også koma fram til seterstølen. Dette er derimot ca 400 meter lengre enn om du følgjer stien om Gammelseterstølen.

Kulturminne

Det er fleire gamle seterbygningar på stølen. Det er uvisst kor gammel setra er, men ho stod opprinneleg lenger nedi lia der tuftene enno synest. I 1927 var det utskifting mellom Oppistua og Nestua i Torvika, og da vart seterstølen delt. Seinare vart setra flytta til dit ho ligg no. Det vart setra her til i 1950-åra.

Adkomst og parkering

Køyr gjennom Surnadalsøra og vidare utover langs fjorden. Etter ca. 8 km, og før du kjem til gardane i sjølve Torvika, kjem du til ei vik. Her ser du på øversida av vegen eit lite sandtak og eit lite hyttefelt. På nersida av vegen er det plass til å parkere.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,15
Lengde en vei (km) 2,08
Stigning Meter Grader
Total stigning 339 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Vær varsom

Vær ekstra forsiktig på tur om vinteren. Kulde og mørke kommer raskt så vær forberedt på dette. Kle deg etter forholdene, og ta med ekstra klær og lykt. Bruk gjerne brodder og staver på isete underlag. Ta hensyn til vær og føre, de aller fleste vinterfotturene blir ikke strødd eller brøytet, så du må selv vurdere når turene er egnet å gå. Du har selv ansvar for egen sikkerhet på tur.

Spesielle forhold

Stien er merka etter etter nasjonal standard.

Kart

Ikkje nødvendig

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Sissel lysø 44
Rolv Lysø 7
Ellen Synnøve Schei 6
Marta Aarnes 5
Martin Schei 5
Inger Marie Berg 4
Marit Solvik Næss 4
Birgit Løseth 3
Arnhild Bergheim 3
Kari Sæther 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 2
30. oktober 1
27. oktober 1
26. oktober 1
25. oktober 3
20. oktober 1
16. oktober 1
14. oktober 1
13. oktober 1
12. oktober 3

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: