Gildrehammaren

Volda
847
Besøk
1,4
km tur/retur
blå

Kort om turen

Gildrehammaren ligg ovanfor Klepp i Volda sentrum. Det er eit flott utsiktspunkt som ligg sentrumsnært og som er lett tilgjengeleg. Ein fin familietur. På turen passerer du Kometland. Her er det verdt å ta ein stopp. Kanskje vil du kome tilbake ein kveld for å studere himmelen? Her finn du informasjon om Kometland: http://www.kometland.com/

Turbeskrivelse

Det er greit å finne stien til Gildrehammaren. Start øvst i Kleppevegen, mellom Kleppevegen 73 og ei ballbane/leikeplass. I starten følger du same vegen som går til Kometland. Når du har gått opp den første bakken går du rett fram på sti merka til Gildrehammaren. Du kjem då til Katadalen. Det kan vere vått over nokre myrar og markar, så skotøy som tåler væte er lurt. Stien er tydeleg. Etter kvart kjem du til eit nytt Gildrehammar-skilt. Her i frå går det bratt opp gjennom lia, men det er ikkje så langt før du er framme og kan nyte utsikta og kanskje litt medbrakt niste. Skogen rundt hammaren er rydda av Volda rotaryklubb, så utsikta er svært god! Frå Gildrehammaren har du mange val viss du vil gå vidare. Du kan gå til Tverrberget, Niven, Kleppesetra eller via Vardehornet og heilt til Melshornet. For mange er turen til Gildrehammaren lang nok. Då kan du velje å ta returen slik at du går ei runde. Følg stien vidare mot aust. Volda rotaryklubb har laga ei trapp slik at berga er lette å forsere. Stien er tydeleg vidare ned gjennom skogen. Når du møter ein ny, litt breiare sti, skal du gå til høgre og du kjem då ned til Kometland. Følg grusvegen ned til startpunktet.
Lurer du på kvar namnet Gildrehammaren kjem i frå? Gildre er ein fangstreiskap som verkar når dyr kjem borti ein utløysingsmekanisme, til dømes saks og sjølvskot. Truleg har dette vore ein plass der ein sette opp gildrer og difor namnet. God tur!

Adkomst og parkering

Start er øvst i Kleppevegen på same vegen som går til Kometland.
Frå sentrum køyrer du opp Storgata, Ottamarka og Engesetvegen. Ved eit stort kvitt bygg ("Maurtua") tek du til venstre og følger Kleppevegen nesten til endes. Parkering like ved ei ballbane/leikeplass

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 1,4
Lengde en vei (km) 0,00
Stigning Meter Grader
Total stigning 179 Høydemeter

Offentlig transport

Det er mogleg å gå frå Volda sentrum for dei fleste.

Spesielle forhold

Ruta er merka med raude merkepinnar

Kart

Nærturkart Volda

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Sunniva Vågen Dimmen 36
Even Øye 26
Anne Kristine Kalvatsvik 23
Johanne Flote 11
Kåre Johan Yksnøy 11
Inge Eikrem 10
Monica Velsvik 10
Nikolai Vikebakk 8
Synnove Elisabeth Myklebust Bjørdal 7
Guro Dørum Kleiva 7

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. september 3
27. september 4
26. september 7
25. september 2
24. september 1
23. september 1
22. september 2
21. september 1
20. september 2
19. september 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: