Soggnebba og "Jøtulomnen" (ny)

Surnadal
371
Besøk
5,28
km rundtur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 10/5.

Kort om turen

Soggnebba er eit høgt og fritt utsiktspunkt som ligg sentralt til i nedre Surnadal. Det flotte utsynet over bygd og fjord gjer dette til eit turmål å anbefale, men det gjer også hola «Jøtulomnen», som du finn ein kort avstikkar frå turruta.

Turbeskrivelse

Frå parkeringa ved lunningsplassen oppunder lia er turen skilta fram til turmålet. Den første delen av turen går etter relativt slak skogsveg, men snart kjem du inn på sti. Du finn ein turkasse omtrent på høgste punktet på ruta, men for å koma fram til det finaste utsiktspunktet, må du gå litt vidare og ned igjen. 


På nedre del av turen er ein avstikkar opp til den såkalla «Jøtulomnen» skilta. Dette er ei lita grotte i berget med flott utsyn over bygda. Dei siste metrane opp til hola er såpass bratte at ein kan trenge tauet som er der til å dra seg opp. Er ein dårleg til beins, er det derfor ikkje sikkert ein kjem seg heilt opp i hola.


Det går an å gjennomføre turen som ein rundtur om Honnstadvatnet. Også turen dit er skilta, og gir ei slakare nedstiging enn om du går same veg ned.

Adkomst og parkering

Når du skal til Soggnebba, må du parkere heilt oppunder lia på Sogge. For å finne fram dit, må du gjera dette: Frå vegkrysset ved Skei køyrer du først ca 4 km oppover Surnadalen. Her finn du den kvite gardsbygninga i Utistua på Sogge på høgre side av vegen. Ved vegkanten står ein raud (og kvit) mjølkeramp. Her tek du av og køyrer forsiktig gjennom tunet på garden. Hald til venstre og følg landbruksvegen/skogsvegen bortover gjerda til du kjem til ein lunningsplass. Her sett du frå deg bilen.

Løype på kart

Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 5,28
Stigning Meter Grader
Total stigning 295 Høydemeter

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Gunn Åsprang Lund 4
Ingeborg Polden 4
Arnhild Bergheim 4
Marta Aarnes 3
Marit Solvik Næss 3
Janne Isvik 3
Annett Ranes 3
Elsa Hamnes Høvik 3
Lise Nergård Kvande 3
Herborg Honnstad 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
24. september 2
18. september 1
17. september 1
13. september 4
12. september 2
7. september 1
4. september 1
3. september 2
2. september 2
31. august 10

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: