Rundtur om Årneshola og "Ja-benken" (ny)

Surnadal
751
Besøk
4,07
km rundtur
grønn

Kort om turen

Dette er ein rundtur med to høgdepunkt undervegs: grotta Årneshola, også kalla “Vikingehola” på Årnes, og rasteplassen “Ja-benken”, det flottaste utsiktspunktet på turen. Dette er ein relativt kort tur med lite stigning undervegs, men partiet oppe ved Årneshola er såpass ulendt og bratt at det kan by på utfordringar om ein er dårleg til beins.

Turbeskrivelse

Frå parkeringa går du vidare langs bergehamrane utover etter Hamnesvegen. Når du har passert ein privat parkeringsplass på nersida av vegen og eit raudt hus på øversida, har du ca. 100 meter igjen til vegen opp til Årneshola startar på øversida. Det første stykket følgjer du gammelvegen mellom Hamnes og Årnes. Ein plass deler vegen seg i to, og her må du halde til høgre. Litt lenger opp flatar vegen ut. Her svingar du inn på stien som er skilta vidare oppover mot Årneshola på øversida av skogsvegen. Følg merkinga vidare opp til “Ja-benken”, ein rasteplass med flott utsikt over fjorden og fjella rundt. Frå Ja-benken følgjer du merka sti tilbake til Årnes. Du kjem ned ein skogsveg som møter bygdevegen ca. 200 meter frå der du parkerte.


Alternativ og kortare rute: Parker på same stad, men ta av til høgre inn på ein skogsveg på øversida av vegen etter ca. 200 meter.  Du går da turen i motsatt retning i forhold til beskrivinga over. Fordelen er at du slepp å starte med å gå etter bygdevegen, men ulempa er at det er litt meir utfordrande å forsere dei brattaste partia ved Årneshola, som da blir nedoverbakke.

Adkomst og parkering

Køyr utover Hamnesvegen til du kjem til Årnes. Passer to 90-graderssvingar, den første til høgre, den andre til venstre. Ca 150 meter etter den andre svingen kan du parkere ved eit uthus på øversida av vegen. Pass på så du ikkje parkerer framfor portane til uthuset!

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 2,5
Fast grus 0,5
Total lengde rundtur (km) 4,07
Stigning Meter Grader
Total stigning 143 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

1961 vart det funne spor etter busetnad frå vikingtida i Årneshola. Det vart mellom anna funne ein heilt unik gjenstand, ein beinholk dekorert med dyremønster i mammenstil. Ein gong i tida har ei stor steinblokk dotte ned frå holetaket og skjult fleire gangar innanfor. Ein av desse gangane er rundt 20 meter lang, men er altså ikkje tilgjengeleg i dag!

Kart

Friluftskart for Surnadal

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Elsa Hamnes Høvik 24
Alf Magnus Berg 13
gerd ingrid berg 13
Unni Grinde 13
Brit Smenes 12
Inger Merethe Mogstad 10
Marta Aarnes 10
Even Sande 8
Inger Marie Berg 8
Irene Sande 8

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. september 6
26. september 1
24. september 3
22. september 2
19. september 1
18. september 2
17. september 4
16. september 4
14. september 3
13. september 4

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: