Niven (frå Furene) (ny)

Volda
529
Besøk
6,54
km rundtur
blå

Kort om turen

Fin overgangstur frå busstoppen i Furene til Volda sentrum. Det er god sti og fleire flotte utsiktspunkt undervegs. Ring er ein stor stein der du har flott utsikt i fleire retningar, og du ser rett ned på flyplassen.

Turbeskrivelse

Ruta er merka med raude merkepinnar. Første merking finn du når du har komt inn på skogsvegen. Det er merka ved stidele o.l. og der det kan vere tvil om vegval. Der det er tydeleg skogsvevg/sti, kan det vere langt mellom merka.


Frå busstoppen går du i retning Volda. Ved eit skilt (Volda 4, Bergen 350) kryssar du E39 og går rett fram på ein grusvegs som er merka Privat. Du kan gå her, men ikkje køyre bil. Etter omlag 400 m kjem du opp til ein asfaltert veg (Liaskarvegen), ta til venstre. Følg vegen til neste kryss, der går du rett fram. Gå denne vegen heilt til endes til du kjem til ei hytte og ein skogsveg. Ta til venstre inn på skogsvegen. Etter ca 250 m svingar skogsvegen nesten 180° til høgre. Følg skogsvegen vidare. Etter ei stund kjem du til eit stidele der det er eldre skilt som viser til Niven og Klepp. Du skal følge Niven-skiltinga. Når du har gått totalt ca 2,8 km, tek du sti bratt opp til venstre. Du kan også gå rett fram, då får du ei slakkare rute til Ring, men du går glipp av flott utsikt. Dei første 100m er brattast, men det er verdt slitet! Du kjem opp til ei hytte som faktisk er ei innebygd campingvogn. Passer denne og du er snart oppe på Nivskollen. Her er det bord og grill og flott utsikt! Følg stien vidare til Ring; sjå etter ein store markert stein så ser du kvar du skal. Gå omlag 100 m forbi Ring og sjå etter ein raud merkepinne i eit tre på di høgre side. Det er godt merka over til Tverrberget og resten av turen. Når du kjem ned frå ryggen av Tverrberget deler stien seg. Du skal følge den mest tydeleg (nedover - til venstre). Om litt kjem du ned til Gildrehammaren. Eit flott utsiktspunkt og med eit fantastisk nettverk av røter. Det går sti vidare nedover både til høgre og venstre. Begge fører ned att til Kleppevegen. På denne ruta tek vi stien til venstre. Då passerer vi Kometland, eit astronomisenter. Siste del av turen går på gruslagd tursti. Turen endar øvst i Kleppevegen.

Adkomst og parkering

Start ved busstoppen i Furene (industri-/butikkområde). Furene ligg ved E39, omlag 4 km frå Volda sentrum og 5,5 km frå Ørsta sentrum. Dersom du kjem med bil, er det fleire plassar du kan parkere.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,5
Fast grus 0,4
Total lengde rundtur (km) 6,54
Stigning Meter Grader
Total stigning 442 Høydemeter

Offentlig transport

frammr.no

Spesielle forhold

https://www.kometland.com

Kart

Turkart Volda

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Even Øye 20
Anne Kristine Kalvatsvik 14
Runa Bakke 12
Maja Eika Davidsen 10
Kåre Johan Yksnøy 8
Marianne Lund 7
Leidulf Liadal 7
Rune Olav Olsen 6
Anja Renate Hjelle Følsvik 6
Frode Humberset 5

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. oktober 1
25. oktober 1
24. oktober 5
23. oktober 2
22. oktober 3
21. oktober 1
19. oktober 3
18. oktober 2
17. oktober 2
16. oktober 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: