Vardehornet (ny)

Volda
1007
Besøk
4,98
km tur/retur
blå

Kort om turen

Turmålet ligg midt i eit populært turområde nord for Volda sentrum. Mange ruter fører til turmålet. Denne turomtalen går frå Håmyra og stort sett på sti til topps. Flott utsikt på toppen til m.a. Volda sentrum og Folkestadferga. Fin trimtur eller etterjobb-tur.

Turbeskrivelse

Start frå parkeringsplassen i enden av Raudemyrvegen ved eit nytt byggefelt (Håmyra). Gå på grusveg (Prestesætrevegen) ca 250 m, til første svingen. Her tek du av på sti på ryggen på høgre side av Håmyrelva. Det er skilta til Steinhusa. Følg stien til du kjem opp på ein eldre skogsveg. Ta til høgre og følg skogsvegen knapt 150 m til du kjem til skilt som viser til Vardehornet. Følg stien i skogen. Det er tydeleg sti, svak stigning. Du kjem til eit stidele der det er eit skilt som viser til Røyshytta. Du skal ikkje følge dette skiltet, men ta stien rett fram, d.v.s. følge ei retningspil. No går stien i fin granskog, litt brattare enn før stidelet. Her kan du sjå etter sopp. Når du kjem ut av granskogen, kjem du til eit myrområde der det er lagt ut nokre kloppar. Så går du vidare i lauvskog og stien går fin og tørr på ein rygg. Der ryggen sluttar kjem du ut av skogen. No ser du turmålet. Gå over eit kort myrområde før du følger stien vidare til topps. Det er god og tydeleg sti. Du kjem først til ein varde. Her ligg boka som du kan signere i. Gå litt vidare så kjem du heilt bak på Vardehornet.


Frå Vardehornet kan du ta austover og følge sti til Dinglavatnet og så grusvegen ned att til start (Prestesætrevegen). Du kan også ta vestover og ta turen vidare mot Ring/Niven/Tverrberget. Her er mange turalternativ.


I denne turomtalen tek vi same vegen ned att heilt til du kjem ned til den eldre skogsvegen der det er skilta til Vardehornet. Her tek du til venstre og følger vegen til du kjem til Prestesætrevegen, ta til høgre og følg vegen ned til Prestesætra. Her er det ein flott gapahuk som Rotary har bygd. På vestsida av sletta ved gapahuken går det ein sti som du kan følge til du igjen kjem inn på Prestesætrevegen. Så følger du denne vegen ned til start. Du kan også velge å følge vegen heilt i frå Prestesætra og ned att.

Adkomst og parkering

Frå Volda sentrum med bil: Køyr E39 retning Stryn. Ved rundkøyringa ved høgskulen køyrer du rett fram (Vikebygdvegen). Ta første veg til venstre (Heltnevegen) og så Raudemyrvegen til endes. Totalt ca 3 km.

Du kan gå til start frå dei fleste plassar i Volda sentrum.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1
Lengde tur/retur (km) 4,98
Lengde en vei (km) 2,49
Stigning Meter Grader
Total stigning 441 Høydemeter

Offentlig transport

Ringruta i Volda - frammr.no

Kart

Nærturkart Volda

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Jan Helge Løseth 39
Torill Aaslid 26
Bjørn Brudevoll 21
Arild Engeset Efstathiou 19
Tomas Trogstad 18
May Britt Heltne 16
Svein Hareide 13
Inge Eikrem 12
Sonja Håvik 12
Tore Halsen 10

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. september 3
26. september 9
25. september 10
24. september 3
23. september 5
22. september 2
21. september 2
20. september 5
19. september 6
18. september 4

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: