Tverahornet (ny)

Volda
77
Besøk
3,13
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 1/6.

Kort om turen

Tverahornet er ein topp på 751 m.o.h i sørlege delen av Bjørkedalen. Det er ein lett og fin tur på ca 1,6 km som høver for dei alle fleste, uansett alder og kondisjon. Her er det flott utsikt både over Bjørkedalen og fjella i nord, aust og sør. 

Turbeskrivelse

Turen startar på 320 m.o.h. ved den store, flotte steinbrua i Langedalen. Stien tek av frå grusvegen 50 m sør for Langedalsbrua, og startpunktet er godt merka med skilt.


Det første stykket av stien går i skog, men det opnar seg raskt med spreidde bjørker og furutre. Undervegs passerer ein hjortebad og gamle krokfuruer. I den midtre delen av lia følger stien ein slak rygg i terrenget, der det er tørrast mark og minst bjørkekratt. Øvste halvdelen av turen er litt brattare. Her gjer stien først ein sving mot nord for å kome utom bjørkekrattet. Siste etappen går i ei fin grasbakke opp mot toppen, og heilt til slutt er der ei siste kneik opp på sjølve toppen. Turen opp tek halvannan til to timar, alt etter kondisjon og ambisjon. Sjølve stien er ikkje veldig tydelig, men her er nyleg rydda og godt og tydelig merka langs heile traseen.


Ei flott fortsetjing på turen er å gå vidare opp på Store Toren (1210 m.o.h.) Bakover til foten av Store Toren er der fint terreng; litt kupert med lett stigning på berg. Siste stykket opp er brattare og i grov ur. Kort før toppen er der eit kort knep, der ein skal trø litt ekstra forsiktig. Og har ein lyst til å gå enno lenger, kan ein gå ned ei renne på sørsida av toppen. Der kjem ein ned på det luftigare bandet og over på Ljøsuregga. Då blir det ein lang og fin rundtur kring Langedalskoppen og nedatt i Vasslida.   

Adkomst og parkering

Frå Volda tek du ferge til Folkestad og køyrer Rv651 i retning Nordfjordeid. Når du kjem til Bjørkedalen, tek du av i Søre Bjørkedal på kommunal veg mot Bjørkedalseidet (skilta mot Haugen frå riksvegen). Følg denne smale, gamle grusvegen ca 3,2 km sørover mot Harpefossen og Nordfjord.

Kjem du sørfrå, tek du av Rv15 og køyrer Fv 5747 oppover Hjelmelandsdalen, forbi Harpefossen skisenter og vidare nord over Brekka og ned til Langedalsbrua.

Parkering på begge sidene av Langedalsbrua.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,13
Lengde en vei (km) 1,56
Stigning Meter Grader
Total stigning 428 Høydemeter

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Rønnaug Skogly 3
Gunnhild Furnes 2
Kjartan Helland 2
Else Lillian Riise 2
Idar Arne Kristiansen 1
Arnhild Fylling 1
Are Uran 1
Amanda Pedersen Aarskog 1
Jon Arne Folkestad 1
Sigve Høydal 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. oktober 2
11. oktober 2
10. oktober 1
6. oktober 1
2. oktober 1
30. september 1
23. september 1
20. september 3
19. september 1
17. september 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: