Kråkenakken (ny)

Volda
289
Besøk
6,96
km tur/retur
blå

Kort om turen

Turen til Botnasætra går på ein skogsveg som svingar seg litt bratt opp frå Vassbotnen. Kråkenakken er ein lite avstikkar vidare frå der vegen stoppar, og her har du flott utsikt mot Rotevatnet og Volda sentrum.

Turbeskrivelse

Gå gjennom grinda og ta vegen som går svakt til høgre. Vegen slynger seg litt bratt opp til Botnasætra. Halvvegs er det fint å stoppe og ta ei drikkepause ved “Huldrekjelda” som kjem ut av ein stein. Det kan vere lurt å lade batteria her, for no ventar nokre bratte bakkar før det flatar ut mot slutten. Like før der vegen sluttar, kan du ta ein sti opp til høgre. Då kjem du opp til eit fint utsiktspunkt like ved Botnasætra. Botnasetra har ein fin setrevoll og det er fin utsikt mot Volda. 


Gå til enden av vegen og følg merka rute til Kråkenakken. Her er det flott utsikt mot Volda sentrum! Stien til Kråkenakken kan vere utydeleg nokre stadar, men følg dei raude merka i trea så finn du vegen.

Adkomst og parkering

Turen startar i Vassbotnen, i austenden av Rotevatnet. Frå Volda sentrum følger du E39 mot Stryn. I rundkøyringa ved høgskulen/Kiwi følger du skilting mot Vikebygda på Vikebygdvegen. Ta av mot Vassbotnen og Golfbane etter knapt 2 km. Køyr forbi parkeringsplassen til golfbana og ta første veg opp til venstre. Parkering ved grinda der turen startar. Du kan også parkere ved golfbana dersom der er ledig plass og det ikkje er arrangement.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 3
Lengde tur/retur (km) 6,96
Lengde en vei (km) 3,48
Stigning Meter Grader
Total stigning 489 Høydemeter

Offentlig transport

Det er fint å sykle til start.

Spesielle forhold

Kråkenakken var ein av mange hoppbakkar som fanst rundt om i Volda

Kart

Nærturkart for Volda sentrum. Kan kjøpast hos Intersport og Norli bokhandel i Volda

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Idar Arne Kristiansen 30
Rune Olav Olsen 16
Pål Inge Olsen 14
Runa Bakke 5
Kari-Lise Driveklepp 5
Astri Vikestrand 4
Silje Kristoffersen Eikeset 3
Sonja Håvik 3
Ove Rønning 2
Anne Grete Vatne 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. oktober 1
26. oktober 1
25. oktober 2
24. oktober 1
23. oktober 1
22. oktober 2
21. oktober 1
19. oktober 2
18. oktober 3
15. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: