Olavsvegen i Syltemoa (ny)

Fjord
2336
Besøk
2,76
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Fin, sentrumsnær tur frå Sylte i Valldal. Svært bratt i starten, før stien flatar ut framover Syltemoa. Dette er også starten på pilegrimsleia frå Valldal til Dovre.


 

Turbeskrivelse

Skilta sti frå Skulebrauta. Startpunktet ligg knapt 200 m ovanfor Sylte kyrkje. Bratt oppover på god sti dei første 300 meter, med utsyn til Valldal skule. På toppen kjem du til Korsbrekka, der står det ein kross til minne om då Heilag-Olav drog gjennom Valldal. Her finn du også informasjonstavle og rastebenk. Stien vidare er ganske flat og fin framover Syltemoa. Følg god sti/turveg om lag 1,1 km frå Korsbrekka til leirdueskytebana på Oggaren (Øygarden). Turkassa er plassert på Hogsta, etter 800 meter, ved skiltstolpe, like før vegen går litt nedover att gjennom granskogen.


NB! Ver obs på skytetrening på leirduebana, særleg fredagskveldar, varselskilt vert sett ut og det er sjølvsagt lov å passere.


Stien er også merka som pilegrimslei.
Om du vil ha ein lengre tur kan du halde fram på turvegen forbi skytebana og framover til Døving, eller heilt til Bjørstad. Det er også muleg å gå opp Syltefjellet til Ytterli i Fjørå. Sjå kart og skilting undervegs.


 


Alternativ for dei med hjul
Om ein vil unngå den bratte kneika i starten kan ein starte turen frå skytebana og snu på Korsbrekka.
Følg då fv. 63 frå hamna på Sylte/Valldal sentrum og framover dalen mot Trollstigen. Etter ca 2,5 km; ta til høgre rett etter ein høgresving og følg ein grusveg opp ein liten bakke. Det er 300 m til skytebana. Vegen er ikkje skilta eller merka. Det er plass til å parkere 2-3 bilar langs denne vegen, pass på så bilen ikkje er til hinder for ferdsel eller driftskøyring til jordbæråkrane. Det er ikkje høve til parkering ved skytebana.

Adkomst og parkering

Parkering i sentrum eller ved Martin Linge-huset/Valldal skule.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 2,76
Lengde en vei (km) 1,38
Stigning Meter Grader
Total stigning 64 Høydemeter

Offentlig transport

www.fram.no

Spesielle forhold

Dette er starten på Valldalsleia, pilegrimsleia frå Valldal til Dovre.
Ved Korsbrekka, der stien flatar ut, står det ein kross, til minne om då Heilag-Olav drog gjennom bygda i 1028/1029. Der er også informasjonstavle og kvilebenk.

Turvegen er freda og oppattkalla etter Heilag-Olav.Det er tre gravhaugar i området.

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Kari Margrethe Ulvestad 88
Ingrid Dyb-Sandnes 48
Yvonne Dale 42
Monica Olsson 39
Agnieszka Kowalska 37
Berit Engeseth 24
Solveig Linge Stakkestad 23
Mariann Gundersen Døving 23
Anne Lene Hjelle 22
Grete Lien Jensen 21

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. september 11
27. september 6
26. september 12
25. september 4
24. september 5
23. september 8
22. september 5
21. september 4
20. september 6
19. september 10

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: