Heimsætra frå Valldal stadion (ny)

Fjord
865
Besøk
4,18
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Lett tur i motbakke på fin grusveg til ein lavvo ved ein gammal seterstøl. Skoghogst har gitt god utsikt både undervegs og frå setra.

Turbeskrivelse

Gå opp til grasbana ved klubbhuset, hald til venstre langs bana og følg sti (skiløypetrase) til ski-brua over elva, nordvest for fotballbana.
Følg sti (skiløypetrase) oppover langs elva og til grusvegen, ca 500 meter. Hald til høgre og unngå jordbæråkeren.
Følg så grusvegen/setervegen 1,6 km derifrå (bomveg).
Turkassa er plassert ved lavvo ved vegen, like før Heimsætra. 


Det er nyleg hogd ned mykje granskog i området, så det er fin utsikt på turen. På andre sida av elva ser du Omnossætra.


Hald gjerne fram vidare oppover til Hjellsætra/Valldalssætra (1 km) og Myklebustsætra (1,5 km). Herifrå er det merka sti til Heimstevatnet og Fremstevatnet, over Storreset til Espedalen, Storvasshytta (StikkUT-post) og heilt til Langsetrane i Stordal.


Trillevenleg
Det er også muleg å gå denne turen for dei med hjul som ikkje toler terreng. Følg då fylkesvegen 300 meter tilbake mot Myklebust og ta til høgre rett etter brua, like ved eit bustadhus. Følg grusvegen og ta andre veg til høgre. Du er då komen inn på setervegen til Heimsetra og StikkUT-løypa frå stadion kjem innpå vegen etter om lag 300 meter.

Adkomst og parkering

Følv fv. 63 frå Valldal sentrum mot Trollstigen. Det er 7,5 km til Valldal stadion som ligg på Omnos. Parkering ved klubbhuset til Valldal IL.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,6
Lengde tur/retur (km) 4,18
Lengde en vei (km) 2,09
Stigning Meter Grader
Total stigning 182 Høydemeter

Offentlig transport

www.fram.no

Spesielle forhold

Heimsætra ligg som ei av fire sætrer i Valldalsbotn, ein sidedal til Valldalen, om lag 7km frå fjorden. Myklebustelva med utløp frå Brekkevatnet renn midt i dalføret. Sætra ligg rundt 300 meter over havet, omkransa av høge fjell som Myklebusthornet og Gjedsegga.
Heimsætra og Hjellsætra høyrer til Valldal gard. På Heimsætra var det setring heilt fram til 1970. Det har vore brukbar bilveg til setrane heilt sidan 1930-talet. (Frå boka «Til seters – setrar i Norddal», Valldal Bygdekvinnelag, 2012)

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Berit Engeseth 44
Anna Marie Sunde 27
Gunn Olsen 14
Anne Lene Hjelle 13
Karianne Dahl 12
Fredrik Friberg 11
ingunn madsen 8
Arvid Frostad 8
jannike madsen 8
Annette Lynghjem Brunstad 7

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. september 3
27. september 5
26. september 6
25. september 2
24. september 1
23. september 4
22. september 1
21. september 1
20. september 3
19. september 10

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: