Trollkyrkjebotn frå Heggen (ny)

Fjord
172
Besøk
10,48
km tur/retur
rød

Kort om turen

Fin tur til eit særmerkt landskap av raudleg olivinstein. På vegen går du forbi Heggjesætra. Med 1000 høgdemeter å bestige så er dette ein ekte motbakketur!


 

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen ved vegen følgjer du skogsvegen oppover så langt du kan, om lag 700 m og 100 høgdemeter. Der vegen sluttar er det to stiar (råser) vidare til setra.


Den mest brukte seterråsa går til venstre og du følgjer denne oppover og oppover gjennom lauvskog og lyng til Heggjesætra.
Den andre råsa går først rett fram, kryssar ein bekk til høgre og går så oppover gjennom granskogen heilt til sætra.
På Heggjesætra har Valldal IL trimpost, på den nest-øvste hytta, ved ein skiltstolpe.


Vidare kryssar du seterreiten mot sørvest, forbi den store utløa, og finn råsa mot Trollkyrkjebotn i utkanten av den opne flata. Råsa kryssar elva og og slynger seg oppover gjennom fjellbjørkeskog, først slakt, etterkvart brattare til du kjem oppom tregrensa. Følg råsa vidare innover mot botnen med elva brusande nedanfor til høgre og det raudoransje olivinlandskapet oppe til venstre. Du kan sjå råsa som kjem frå Nysetra i Fjørå på andre sida av elva. Etterkvart vil råsa delvis forsvinne, men følg godt med på merkinga med raude V-ar og vardar. Ved osen går dei to råsene/merkingane saman.


Sving av oppover mot aust i fint høgfjellsterreng med Sandfjellet rett imot. Ved ei lita tjørn svingar du mot nord att. Steinhytta med turkassa finn du på sørvestsida av det høgste punktet i olivinlandskapet (1100 moh.). Ver merksam, det er lett å gå forbi då hytta går i eitt med landskapet. Retur same veg.


Om du ønskjer eit ekstra utkikspunkt kan ein topptur til varden på Sandfjellet (1192 moh.) vere verdt å få med seg. Gå opp i sida mot søraust. Ver merksam på laus stein og sand. Her er det ikkje merka.


Alternativ
Det er også muleg å starte turen frå Hauge i Fjørå. Sjå eigen turomtale "Trollkyrkjebotn frå Hauge". 


Det er også fint å gjere dette til ein rundtur, men då treng ein bil to stadar (eller kontakt Valldal Taxi, tlf 90906210).


Frå Trollkyrkjebotn kan du også gå ned til Myreheivatnet (849 moh) og derifrå følge delvis merka rås ned til Gudbrandsjuvet eller Heggjesætra (sjå kart).

Adkomst og parkering

Følg fv. 63 frå Valldal sentrum til Holsbrua (10 km). Ta til høgre rett etter brua og følg vegen Døvingssida 1 km til startpunktet i Heggen. Her plass til parkering av 5-6 bilar og informasjonstavle for turområdet. Hugs å parkere godt - på skrå - slik at det vert plass til fleire bilar. Om parkeringsplassen er full er det tillatt å parkere på plenen ved asfaltplassen ved murhuset nærast brua.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 0,5
Lengde tur/retur (km) 10,48
Lengde en vei (km) 5,24
Stigning Meter Grader
Total stigning 997 Høydemeter

Offentlig transport

www.fram.no
Det går sjeldan buss.

Spesielle forhold

Heggjesætra ligg på eit platå 600 moh., ein stor, flat seterreit som ikkje er attvaksen med skog. Det er no seks bygningar på stølen, fire av dei over 100 år gamle. Det var drift på setra fram til 1950-åra. I dag vert området nytta til beite og jakt. Her er det også ein utedo som er open.

I Trollkyrkjebotn står det ei særmerkt hytte i raud-oransj olivinstein. Dette er ei steinbu bygt av Sigurd Hjelme. Ho er opa og kan gi litt ly for veret. Olivinsteinen gjer at landskapet kan minne om ørken

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000. Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Lillian Hoel Cousens 3
Asbjørn Viset 3
Sverre Bjørn-Nielsen 2
Kristi Linge Stakkestad 2
Linda Lødøen 2
Synnøve Molvær Vågnes 2
Kari Margrethe Ulvestad 2
Magne Eivind Glomnes 2
Linda Håhjem 1
Sonja Storsæter 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
19. september 5
13. september 1
12. september 3
9. september 1
6. september 13
4. september 1
2. september 1
31. august 4
30. august 3
29. august 7

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: