Solbakken frå nedre Fjørå (ny)

Fjord
603
Besøk
3,66
km tur/retur
blå

Kort om turen

Ein motbakketur i Fjøråbygda, som også blir kalla Solbergbygda. Her får du ei fin treningsøkt i ekte vestlandsbakkar. Turen følgjer den gamle bygdevegen der den er intakt, med utsyn innover Tafjorden. Muleg å forlenge turen til ein rundtur.

Turbeskrivelse

Parkering ved ungdomshuset ved nausta i Fjørå. Følg Bygdavegen (asfalt) som slynger seg mellom husa og oppover i bygda mot Selboskar. Etter om lag 700 lengdemeter og 100 høgdemeter står det eit StikkUT-skilt på venstre sida av vegen.


Derifrå går du den gamle bygdevegen gjennom skogen (ca 250 meter) til du kjem opp på asfaltert veg att. Følg bilvegen vidare oppover forbi to svingar. Rett etter andre svingen, i Almdalen, er det skilta til Selboskar og Solbakken på høgre sida av vegen. Følg skiltinga bratt oppover til Sætervegaskiftet (stidele, skilta) og ta av til høgre mot elva. Eit kort stykke etter at du har gått over brua dukkar Solbakken opp.


StikkUT!-koden og Fjørå helselag si trimkasse med informasjon om staden finn du på det store sedertreet. Retur same veg.


Rundtur
Du kan gjere denne turen til ein rundtur. Då går du nedatt til Sætervegaskiftet og held fram oppover etter den gamle vegen som er merka til Klona/ Selboskar. Du kryssar asfaltvegen ein gong til og følgjer den gamle, graskledde bygdavegen/turstien vidare opp til garden Selboskar. (NB! Du må klive over autovernet.) Derifrå følgjer du bilvegen (asfalt) til venstre, vestover mot Ruset (800 m) eller Ytterli (1300 m). Like nedanfor husa i begge desse tuna er det skilta stiar (to ulike stiar) som går ned til Vika, ved fjorden. Frå Vika følgjer du fylkesvegen innover langs fjorden, tilbake til parkeringsplassen. Denne turen er delvis merka og skilta. 


Ruta på gamlevegen frå fjorden i Fjørå og opp til Selboskar er også første del av motbakkeløpet Mefjellet Opp (0 - 1100 moh.) som vert arrangert av Valldal IL kvar sommar.

Adkomst og parkering

Følg fylkesveg 92 frå Valldal sentrum, gjennom Fjøretunnellen mot Tafjord.
Etter 3,5 km kjem du til Fjørå. Parkering ved Fredheim ungdomshus like ved fylkesvegen. Her finn du rastebenkar og informasjonsskilt for bygda Fjørå og om Tafjordulukka.
NB! Vegen oppover er smal, og det er ikkje anledning til å parkere andre stadar utan avtale med grunneigar.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 1,2
Fast grus 0,1
Lengde tur/retur (km) 3,66
Lengde en vei (km) 1,83
Stigning Meter Grader
Total stigning 249 Høydemeter

Offentlig transport

Det går berre skulebuss, ikkje rutebuss, frå Valldal til Fjørå. Skulebussen går kvardagar i skuleåret. www.fram.no

Spesielle forhold

Solbakken er ein brattlendt og fråflytta gard som no vert brukt som fritidsbustad.
Fjørå ligg sørvendt til, her er det lunt og frukt og bær veks og trivst.
Bygda er prega av Tafjordulukka i 1934. Mange omkom og hus forsvann i kjempebølga som kom då Langhammaren raste i fjorden. https://www.nrk.no/mr/80-ar-siden-tafjordulykka-1.11655023

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Torsten Steins 50
Anne Lene Hjelle 26
ingunn madsen 8
jannike madsen 8
Berit Engeseth 6
ottar inge ytterli 6
Kari Margrethe Ulvestad 5
NELLY MARIE YTTERLI 4
Julie Tårn Ytterlid 4
Kåre Ytterlid 4

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. september 1
26. september 2
24. september 1
23. september 2
20. september 2
19. september 4
18. september 4
17. september 2
13. september 2
11. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: