Eventyrskogen på Lepsøy (ny)

Ålesund
760
Besøk
3,63
km rundtur
grønn

Kort om turen

Eventyrskogen på Lepsøy er ei oppleving for både store og små. Her er mykje å utforske, så hugs å rekne god tid!

Turbeskrivelse

Det går ikkje lang tid før du ser at dette blir ein tur utanom det vanlege, det dukkar opp ulike figurar både på bakkenivå og i trea. Etter rundt 400 meter må du passere eit gjerde. Det er sett opp ein stige til å klatre over. Etter 700 meter kan du ta til venstre og utforske «Hulderbo». Her heng klede og kjøkkenutstyr i trea, og om du ser godt etter kan du kanskje sjå ho som bur der også. Like etter kjem du til eit område der det er fint å raste. Her er fleire benkar, og om det er dårleg vêr kan ein søke ly i Eventyrhytta. Herfrå er det skilta til dei andre delane av Eventyrskogen, samt Sethsdemma. Turen i Eventyrskogen bør takast som ein rundtur. Frå rasteplassen går du opp til «Trollhula» der du kan ringe på hos trollfamilien. Følg stien vidare austover til Alveskogen og deretter Trollmyra. Her finn du mange heimelaga små steintroll. Alle er velkomne til å ta med eit troll og plassere langs råsa. Det er også i dette området ein finn den kjempestore Trollstolen. Vidare kjem du til eit utandørsbiblioteket der StikkUt - posten er, Trollhaugen, Bukkene Bruse-brua og Elvedalen. Her er det lagt til rette for å kunne tenne bål når det er sesong for det.


Ein kan også nytte 2 robåtar og ein grill og grillhytte ved Setsdemma om ein har lyst å nytte meir tid i området.


 https://www.facebook.com/groups/1417699048299071/

Adkomst og parkering

Frå ferjekaia køyrer du opp på hovudvegen og tek til høgre. Følg vegen 1,3 km. Her kan ein parkere gratis ved Prestegarden. Du kan også setje bilen att på Skjeltene ferjekai (gratis parkering),eller du kan ta hurtigbåten til Lepsøy. Sjekk rute på frammr.no eller ring 117. Gå over vegen for parkeringa og gjennom grinda for å kome til stien til Eventyrskogen. Pass på å lukke grinda, det kan vere sauer på beite.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 1,7
Total lengde rundtur (km) 3,63
Stigning Meter Grader
Total stigning 150 Høydemeter

Kart

Ålesund

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Anbjørg Hellevik 45
Ivar Kjell Kjerstad 26
Norunn Rønstad 24
Ingrid Mathisen 22
Cecilie Johansson 10
Jørgen Langgåt 9
Marit Tafjord 8
Gunnbjørg Seth 8
Håvard Hellevik 8
Siv Karin Farstad 8

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. september 1
27. september 14
26. september 2
23. september 1
19. september 17
18. september 1
17. september 2
14. september 7
13. september 2
12. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: