Midtremma (Skuløy/Flemsøy) (ny)

Ålesund
920
Besøk
4
km rundtur
grønn

Kort om turen

Dette er ein lett og fin tur, spesielt for barnefamiliar. Vegen er lett framkomeleg, og du kan stoppe og raste ved fleire gapahukar og bålplassar langs ruta. Turen er fin heile året, og du kan både gå og sykle. Her går det også an å ta seg fram med barnevogn, dersom vogna har gode hjul. Dette er ei rundløype

Turbeskrivelse

Når ein starter ved gravplassen på Longva, kan ein gå begge vegar. Viss du vil gå ein enkel tur, kan du gå opp på vegen og ta til høgre og gå langs vegen til du kjem til ein grusveg som går ned til høgre og følge den innover. Eit stykke innover der treff ein på Midt-Remma gapahuken og der heng Stikk-UT-postkassa inne i gapahuken. For å gå rundturen fortsetter ein forbi gapahuken til ein kjem til hovudvegen. Da tek ein til venstre opp mot Framtun. Når ein kjem opp til krysset ovenfor Framtun skal ein krysse vegen og følge råsa opp til fjellfoten. Der tek ein til venstre inni skogen og følger råsa/traktorvegen. Etter kvart treff ein på ei ny postkasse, ein har da komt til Djupedalen. Der fortsett ein rett fram, ein treff også på ein ny gapahuk inne i skogen. For å komme tilbake til start fortsetter du vegen til du ser gravplassen nede ved hovudvegen.


 


 

Adkomst og parkering

For å komme til Flemsøy/Skuløy må ein ta ferje eller hurtigbåt til Haramsøy. Frå kaia på Austnes er det ca 14 km til Rogne. Tar du hurtigbåt kan du ta med sykkel, eller så går det nokre få rutebussar,
I første krysset på Austnes skal du ta til høgre, og følge vegen over Ullabrua. Ta til høgre på fv. 150 mot Longva, og når vegen deler seg tar du til venstre mot Rogne. Følg vegen til du møter parkeringsplassen til gravstaden.

Du kan parkere ved Framtun eller ved gravplassen på Rogne. Her er tat

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4
Lengde en vei (km) 0,00
Total lengde rundtur (km) 4
Stigning Meter Grader
Total stigning 76 Høydemeter

Offentlig transport

For å komme til Flemsøy/Skuløy må ein ta ferje eller hurtigbåt til Haramsøy. Det går nokre bussar, men ver obs på sommarruter. Det er best å køyre bil eller sykle, men det er ganske langt å sykle frå fergekaia på Austnes.
Ferjeruter: www.tide.no
Buss: www.frammr.no

Kart

Norge-serien 10076 Ålesund

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Bjørn Kåre Høistad 137
Aud Høistad 136
Trine Søvik Rønning 65
Per Kåre Flem 46
Anja Flem 33
Martin Aure 26
Edda Forr 18
Christian Rønning 15
Kristine Davik 15
Kåre Klokk 13

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. september 2
16. september 2
15. september 2
14. september 3
13. september 5
12. september 3
11. september 2
10. september 2
9. september 4
8. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: