Giskemonibba (ny)

Ålesund
863
Besøk
11,6
km tur/retur
blå

Kort om turen

Giskemonibba 687 m.o.h.
Lett, fin tur i ope terreng med tydeleg rås. Bjørkeskog i starten. Jamn stigning, nokre bratte parti mot slutten.
Snøfritt i slutten av mai. På kanten over skoggrensa kryssar ein over til nordsida av grova att. Her er det ein liten badekulp som kan freiste. Terrenget er for det meste tørt og du går på eit par små bergnibber den siste biten før toppen.
Det er oppmura varde på toppen der ein finn turposten. Bratte sider mot nord og vest.Fin utsikt i fleire retningar: Sjøholtområdet, Storfjorden og vestover heilt til kysten ved Ålesund.

Turbeskrivelse

Start på Stortrøna ved E 39 mot Ørskogfjellet. Følg skilting til Giskemonibba langs grusveg opp til Kvanndalen. Ta av frå parkeringsplassen på nordsida av grova. Her kan det i periodar vere litt vått. Kryss grova etter 40-50 m slik at du kjem over på sørsida. Her er råsa litt utydeleg, men er lett å finne etter kvart og er grei på resten av ruta. På kanten over skoggrensa kryssar ein over til nordsida av grova att. I staden for å gå same ruta tilbake, kan ein gå til Høgsætra. Ein går då litt tilbake før ein svingar austover bratt ned mot skaret på tydeleg rås.


Alternativ rute til Giskemonibba kan vere å starte ved Giskemosaga og gå til Høgsætra.Frå Høgsætra kan ein følgje ryggen (ut mot Landedalen) mot Giskemonibba. Råsa opp frå stølen på Høgsætra er litt overgrodd av einer i starten. Ho er og litt utydeleg i skaret før toppen. Terrenget er tørt og fint, men bratt det siste stykket.

Adkomst og parkering

Ta av frå E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt. Stor parkeringsplass på søraustsida av vegen. Her finn du turskilt mot Kvanndalsætra, Giskemonibba og Postvegen.


E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Lengde tur/retur (km) 11,6
Stigning Meter Grader
Total stigning 470 Høydemeter

Offentlig transport

Ja, Timeekspressen køyrer forbi kvar time i begge retningar.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2020

Navn Besøk
rigmor grindvik 7
jorunn uggedal strømmen 6
Torhild Finnøy 3
Per Kåre Skudal 3
Bjørn Tennø 3
Seline Heggset 2
Ivar Ingebrigtsen 2
Ståle Schrøder Heggset 2
Hilde Sjøholt 2
Ann Elin Viset 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
25. september 1
24. september 1
20. september 4
19. september 12
17. september 2
16. september 2
13. september 7
12. september 3
11. september 4
7. september 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: