Hallvardsfjellet (ny)

Ålesund
448
Besøk
4,8
km tur/retur
blå

Kort om turen

Ei til dels bratt, variert rute med flott utsyn over Storfjorden og Vaksvikbygda. Særleg fin tur om våren, når kvitveisen blomstrar mellom bjørkeleggane. Går du her på kveldstid, er det store sjansar for å sjå turistskipa på veg ut fjorden frå Geiranger. Vanlegvis snøfritt frå byrjinga av mai.

Eit anna utgangspunkt for tur til Hallvardsfjellet er frå Visetsetra. Så i staden for å gå same vegen nedatt, kan du sjølvsagt halde fram mot aust, gå ned til Visetsetra og så følgje setrevegen nedatt til Hallvardsetra.

Turbeskrivelse

Frå parkeringa startar ein skogsveg som du kan følgje eit lite stykke før du tek av til venstre og følgjer merka i trea eller på bakken vidare delvis gjennom skogen og over våt myr til du ser Storfjorden mellom gamle bjørketre. Her svingar råsa til venstre og er merka vidare bratt opp gjennom bjørkeskogen, forbi restar etter sommarfjøs og ei gammal høyløe. Du kjem etterkvart opp over skoggrensa og får fin utsikt over Vaksvikbygda. Her følgjer du råsa heilt til toppen over berg og lyngmark. Fin utsikt bl.a. til Lauparen.

Adkomst og parkering

Køyr riksveg 650 frå Sjøholt mot Stordal. Ta av frå riksvegen til venstre på Viset like før tunellen og køyr bratt oppover bygda til du har passert dyrkamarkane og kjem opp i skogen. Parkeringa ligg då på høgre sida av vegen før Hallvardsvatnet. Her står eit skilt til Hallvardsfjellet.

Parkering på lunneplass på sørsida av kommunevegen mellom Hallvardsetra og Viset.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,8
Stigning Meter Grader
Total stigning 398 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Stordal og Sjøholt og til fots langs bygdevegen til parkering som beskrive tidlegare.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Ellen Støversten 6
Ann Elin Viset 5
Annette Fylling 4
Kristianne Hanestadhaugen 4
Gro Hjelle 3
Marita Buran 3
Hilde Haugen 3
Kim Erik Dybvik 3
Denita Music 3
Karl Dybvik 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
23. september 2
21. september 1
20. september 2
19. september 1
17. september 5
14. september 1
13. september 1
8. september 1
6. september 9
5. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: