Nystøylhornet, Åram (ny)

Vanylven
532
Besøk
6,49
km rundtur
grønn

Kort om turen

Viss ein vil oppleve fantastisk utsikt i alle himmelretningar er den frittliggande toppen av Nystøylhornet eit svært godt val. I sør ser ein fjella rundt Gjegnalundsbreen og Ålfotbreen, Mot sørvest har ein Vågsøy og Stadtlandet. Det er vid utsikt mot havet og øyane i Sande og Herøy kommune, og i tillegg innover fjordane mot indre strøk av Sunnmøre. På fineversdagar kan ein gjerne kombinere turen med eit bad i sjøen på den fantastisk flotte sandstranda i Sandvika.

Turbeskrivelse

Ein kan starte både ved Åram kyrkje, eller frå enden av bomvegen i Sandvikdalen. Begge stader er starten av stien skilta. Lettaste turen får ein ved å starte frå enden av bomvegen på 240 moh i Sandvikdalen. Går ein frå Sandvikdalen og tilbake til Sandvikdalen er dette ein tur med grøn gradering. Då er det lett terreng i godt merka sti til toppen på 600 moh, og dette er ein tur der ein gjerne kan ha med små born. Informasjonen nedanfor om stigning, lengde og anna om turen gjeld varianten med start frå Sandvikdalen. Går ein opp frå Åram er det brattare og tyngre terreng og raud gradering, men ein får utsikt gjennom heile turen

Adkomst og parkering

Ein kan starte enten like ved Åram kyrkje som ligg rett ved fergekaia på Åram, eller frå Sandvikdalen. Vegen til Sandvikdalen startar 1 km nord for brua over Sandvikelva.



Det er parkeringsplass ved Åram kyrkje og også på enden av bomvegen i Sandvikdalen.

Løype på kart

Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 6,49
Stigning Meter Grader
Total stigning 613 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Tove Brandal 49
John sindre Kragset 18
Ole Vebjørn Brandal 18
Tommas. Prozenko 12
Jan-Ronny Sandvik 9
Målfrid Emblem 8
Iris Kristin Simonnes 7
Berit Løvoll Strand 7
Svein Sandvik 6
Merete Kløvning 6

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. september 1
13. september 3
11. september 1
10. september 2
9. september 2
7. september 1
6. september 5
5. september 1
4. september 2
2. september 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: