Hundsnesvardane, Nordstranda (ny)

Vanylven
581
Besøk
4,51
km tur/retur
blå

Kort om turen

Tur som eignar seg både som trimtur og ein snartur til fjells. Turen går på skogsveg/fjellveg. Det er laga til rasteplassar med sitjeplassar og bord for kvar tredel av turen. Frå dei to vardane som vart sett opp i samband med feste for løypestreng er det utsikt over Vanylvsfjorden og fleire av bygdene langs fjorden. 

Turbeskrivelse

Fra lunningsplassen følger du vegen oppover. Omlag halvvegs på turen deler vegen seg, då tek du til venstre. Når ein kjem opp på platået nær den doble varden tek ein av frå vegen og går dei siste metrane på rås (sti).


Når ein no er komen opp på fjellplatået kan det vere fristande å gå vidare innover på fjellviddene. Hundsnesvardane er eit godt utgangspunkt for mellom anna. Trollevasshornet https://morotur.no/tur/Trollevasshornet og den lange slake turen til Brandalsdemningen https://morotur.no/tur/Hundsnes-Brandalsdemningen Ein kan og følgje fjellkanten vestover og gå på merka rås (sti) til Sighaugvatnet og kanskje til Brudevikvatnet. Alle desse turane har utgangspunkt ved enden av fjellvegen, der ein tek til høgre og inn på råsa som etter kvart deler seg i fleire skilta stikryss.

Kulturminne

Ca. 50 m frå startstaden er der eit gravfelt med opptil 30 gravrøyser og ei hustomt frå eldre jarnalder. Gravrøysene og husrestane er lave og lettast å sjå før graset kjem på beitet.
Langs råsa ser ein spor etter den gamle melkevegen, og på toppen er det murane av ein gammal fjøs.

Adkomst og parkering

Startstaden er ein lunningsplass (lagringsplass for tømmer) 6 km vest for Fiskå. Her er det gode parkeringstilhøve og det er satt opp skilt for turen her. Det står og ei infotavle med kart, foto og info om turar i dette området. Merk deg at det ikkje er eige skilt der det står Hundsnesvardane på, men studer infotavla før du startar turen.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 4,5
Lengde tur/retur (km) 4,51
Lengde en vei (km) 2,25
Stigning Meter Grader
Total stigning 381 Høydemeter

Kart

På tur i Vanylven - kan kjøpast i butikkar og på bensinstasjonar

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Marit Brudevik 93
Tommas. Prozenko 28
Turid Worren 25
Ingunn Haugen 25
John Magne Vikebakk 13
Marita Helen Krøvel 12
Målfrid Emblem 9
Alma Cenabre Kløvning 8
Kristine Krøvel 8
Sandy Sangen 7

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. september 3
26. september 8
25. september 5
24. september 2
23. september 3
21. september 4
20. september 3
19. september 1
17. september 5
16. september 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: