4H hytta på Eidså (ny)

Vanylven
827
Besøk
3,74
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Dette er ein lett og familievennleg tur til 4H-hytta som vart bygd på dugnad av Vårbrus 4H i 1974. Hytta er bygd der det før sto ei gamal mjølkehytte der mjølkarane kunne overnatte. 4H-hytta er open for alle, og er eit fint turmål for dei som ikkje vil gå så langt. Men 4H-hytta kan også vere første stopp viss ein vil gå vidare til Ringefjellet, Svartetua eller Taksetnakken. Hytta ligg eit eit område som er mykje brukt til turaktivitetar. Første del av turen er på kjerreveg, og det er god sti heile vegen.

Turbeskrivelse

Det er kjerreveg og/eller opparbeidd sti heile vegen opp til 4H-hytta og såleis lett å finne fram. Nedre del av ruta er fast og tørr, medan det er litt meir variert lenger oppe. Startpunktet på turen er skilta.

Kulturminne

På veg mot 4H-hytta går ein forbi ein stad der det står Sessane på eit skilt. Dette er ein av dei mange kvilestadane rundt om i Vanylven for dei som bar mjølk frå støylen (sætra) og ned att i bygda morgon og kveld. Slike plassar var det vanlegvis oppmurte sitjeplassar der ein kunne kvile beina utan å måtte ta av seg hylkjet som ein bar mjølka i. Truleg var det meir behov for kvile på veg ned frå støylen med tung last enn det var på veg oppover.

Går ein litt forbi 4H-hytta finn ein kanskje restane av den oppmurte brua over elva som vart brukt når ein skulle køyre heim torv til brensel med hest. Området oppover mot og rundt 4H-hytta vart brukt til torvskjering heilt fram til rundt 1960.

På veg tilbake frå 4H-hytta kan ein leite etter restar av gamle murar i området nedanfor Sessane. Dett er restane av fjellgarden Nakkebøen som låg nordvestsida av Taksetnakken.

Adkomst og parkering

For å finne starten på råsa (stien) køyrer ein frå Eidså og tek av i retning mot Syvde i krysset mellom riksveg 62 og 651. Etter 500 meter tek ein av til høgre og inn på den gamle riksvegen. Der køyrer ein vel 400 meter før ein kjem fram til vegstasjonen til Mesta. Rett før vegstasjonen er det ein skarp sving til høgre opp ein relativt bratt bakke, og her finn ein og dei første skilta i retning Taksetnakken. Det kan ofte vere vanskeleg å parkere ved startpunktet for turen, så det kan difor løne

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,74
Lengde en vei (km) 1,87
Stigning Meter Grader
Total stigning 253 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Tommas. Prozenko 71
Iris Kristin Simonnes 54
Alma Cenabre Kløvning 17
Marit Myklebust 15
Evelyn Midtbø 13
Kåre Nygård 12
Gry Takset 9
Gudmund Sandnes 9
Herdis Midtbø 7
Sandy Sangen 6

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. september 1
28. september 4
27. september 3
26. september 4
25. september 4
24. september 3
23. september 3
22. september 5
21. september 6
20. september 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: