Tennevatnet, frå Tverrberget, Syvde (ny)

Vanylven
332
Besøk
2,52
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Turen opp til Tennevatnet er ein kort og grei ettermiddags-kveldstur for dei som vil ta turen i ro og mak, eller ein fin trimtur for dei som vil gå i skikkeleg motbakke. Turen går på god men bratt traktorveg. 

Turbeskrivelse

Slik ruta ligg plassert i terrenget er det sol relativt lenge på kvelden i høve til områda rundt både vår og haust, og dermed kan dette vere ein fin tur i kveldssola. Tennevatnet er og eit godt utgangspunkt for t.d. ein rundtur via Høgenipa. GPS-sporet går til høgste punktet av vegen. Der er det ein turpost. Ein kan og gå vegen vidare. Det er tydeleg rås (sti) frå enden av traktorvegen og fram til naustet på nordsida av osen ved Tennevatnet der Nordal krins har trimpost. Det høgste punktet på vegen ligg ca 550 m.o.h.


Vegen til Tennevatnet går i hårnålssvingar i det bratte terrenget og gir god trim. Det er ca 1300 meter får starten og opp til høgste punktet på vegen, og derifrå og bort til naustet på nordvestsida av vatnet er det ca 400 meter. Det er bratt veg heilt til topps, og der flatar vegen ut. Det er skilta mot Molegga, Hovlida og Høgenipa på toppen av traktorvegen. Det er ingen merka ruter vidare frå Tennevatnet, men ein rundtur via Høgenipa kan anbefalast. Frå osen ved Tennevatnet går det tydeleg rås eit stykke langs toppen av Store Blåfjellet og det kan vere ein god start i retning Høgenipa. Råsa til Trongdalen og vidare i retning Molegga finn ein lettast når ein kjem frå Trongedalen.

Kulturminne

Hovudvegen frå dalen og opp på fjellet vart bygd i samband med kraftutbygging på 1970-talet. Vegen blir vedlikehalden av utbyggar, og det er ikkje bomveg. Heilt på enden av vegen finn ein Kvanndalen og Kvanndalsvatnet som er regulert. Nabodalen i vest er regulert på ein langt meir skånsom måte. Langt nede i dalen blir vatnet samla opp og går i tunnel til Kvanndalen.

Adkomst og parkering

For å kome til startpunktet i Kvanndalen køyrer ein frå Syvde til Norddalen. Det står skilt mot Norddalen 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde. Køyr Norddalen heilt til endes. Deretter køyrer ein fjellvegen som startar i enden av dalen. Etter at ein har starta å køyre på grusveg stoppar ein og parkerer rett før bru nr 2. Det går greitt både å snu og å parkere her. Det er skilta ved startpunktet på turen.

God plass til parkering der turen startar.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,3
Lengde tur/retur (km) 2,52
Lengde en vei (km) 1,26
Stigning Meter Grader
Total stigning 238 Høydemeter

Spesielle forhold

Hovudvegen frå dalen og opp på fjellet vart bygd i samband med kraftutbygging på 1970-talet. Vegen blir vedlikehalden av utbyggar, og det er ikkje bomveg. Heilt på enden av vegen finn ein Kvanndalen og Kvanndalsvatnet som er regulert. Nabodalen i vest er regulert på ein langt meir skånsom måte. Langt nede i dalen blir vatnet samla opp og går i tunnel til Kvanndalen. Fjellområdet rundt Tennevatnet og området elles på Nordalsfjellet blir brukt til beite for husdyr. I tidlegare tider var det mykje

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Anne Reidun Nordal 34
Tommas. Prozenko 30
Øystein Nordal 10
Oddbjørg Vik Nordal 10
Geir Nordal 8
Bjørnar Osnes 7
Åse Nordal Eikrem 7
Berit Løvoll Strand 6
Vegard Nordal 6
Evelyn Midtbø 4

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. september 4
25. september 2
23. september 1
20. september 3
19. september 5
16. september 1
15. september 1
14. september 1
13. september 5
10. september 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: