Høgeheidarunda (Sylte/Syvde tur) (ny)

Vanylven
213
Besøk
3,96
km rundtur
grønn

Kort om turen

Ein lett og grei tur for turvandrarar i alle aldrar. Turen går greitt unna på ca 1,5 time ved normal gangfart. Heile turen går på sti eller veg, og det er fast underlag og lett å gå på det meste av turen. For å få med dei aller yngste kan ein lokke med at ein kan vasse i eit lite tjern, finne sjeldne steinar i eit olivinfelt og sjå på store sprekkar i fjellet i den sørligaste enden av eit sprekkområd på vestsida av Saurdalen. Frå Høgeheida har ein utsikt både mot havet og Stadthalvøya i vest, og mot dei høgste fjella i Vanylven i aust.

Turbeskrivelse

Ein kan starte turen både frå Øverberg eller frå Kilebrekka. GPS-fila som du finn lenger nede på sida har start på Kilebrekka, og i turomtalen nedanfor går ein og ut i frå start på Kilebrekka. Starten er på det aller høgste punktet på vegen mellom Saurdalen og Syltedalen og er såleis lett finne. Startpunkta både på Kilebrekka og på Øverberg er skilta.Råsa (stien) startar på det aller høgste punktet på vegen mellom Saurdalen og Syltedalen. Starten er skilta, og ruta er merka med blå merkepunkt. Sjølv om det er motbakke den første delen av ruta er det relativt lett å gå på grunn av at mykje av stien ligg direkte på svaberg, og dermed er svært fast og lett å gå. Etter kvart som ein kjem høgre opp flatar terrenget ut og ein kjem opp i ei hei eller det som lokalt i Vanylven blir kalla heid. Litt etter det høgste punktet på råsa (stien) møter ein rute 54 og det er skilta vidare mot Øverberg. Nær skilta er det eit lite vatn som heiter Raudegrødvatnet der ein t.d. kan vasse. På veg nedover mot Øverberg kjem ein til eit område med raud olivinsand. Denne sanden er ultrabasisk, som betyr at den har svært høg pH-verdi. Denne høge pH-verdien gjer at plantar trivst svært dårleg og det er difor svært lite plantevekst i denne sanden. Lite planetvekst gjer at det er svært lett å leite etter uvanlege steinar i eit område som elles er dominert av gneis. Like ovanfor sanden i nordleg retning finn ein den sørlegaste delen av eit sprekkområde som strekker seg langs store delar av vestsida av Saurdalen. Det er fort gjort å kome seg heilt nær desse sprekkene, men ver OBS på at dette området ikkje er ufarleg. Så hald avstand til sprekkane.

Kulturminne

På Øverberg står framleis velhaldne hus frå gardsbruka der det ikkje lenger er gardsdrift. På Kilebrekka finn ein framleis både støylshus og tydelege spor etter torvskjering.

Adkomst og parkering

For å kome til startpunktet er det best veg om ein køyrer frå Syvde, gjennom Saurdalen og opp til Øverberg eller Kilebrekka. Det er skilta mot Saurdal i Syvde.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1
Total lengde rundtur (km) 3,96
Stigning Meter Grader
Total stigning 212 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Tommas. Prozenko 22
Carl Hugo Brekke 7
Ørjan Larsen 7
John Willy Klungre 4
Iren Rønnestad 4
Ottar-Inge Rusten 4
Knut Ivar Moen 3
Olivia Riste 2
Asbjørg Brekke 2
Tone Drage Sørdal 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. september 1
19. september 7
13. september 5
10. september 2
8. september 1
5. september 1
2. september 1
1. september 2
31. august 1
28. august 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: